SV har for tida politisk medvind av historisk styrke, og Halvorsen kom til sine eigne då ho talte i Høyanger i går. Den tradisjonelle Ap-bastionen vakla da SV-leiaren inntok podiet.

For folk fekk høyre det dei helst ville i ein tale som fortona seg som eit samanhengande politisk frieri.

— Ansgar Gabrielsen og regjeringa skal ikkje få gå i fred for kravet frå Høyanger. Staten er største eigaren i Hydro, og må bruke denne makta, sa Halvorsen til stor applaus.

Som var det Julia Roberts

Industrisamfunnet Høyanger står framfor ei rask nedbygging av aluminiumsverket når skjerpa miljøkrav frå 2006 medfører at den eldste produksjonshallen må stengast ned. Samtidig har Hydro sagt meir eller mindre rett ut at investeringar i Høyanger og Årdal er uaktuelt no.

På sidelinja stod Ap-ordførar i Høyanger, Kjartan Longva, og registrerte den enorme interessa rundt Halvorsen. Aldri før har ei 1. mai-feiring i Høyanger vekt større medieinteresse, med begge landsdekkjande tv-kanalar og fleire riksaviser på plass.

— Det hadde ikkje vore større oppstyr om det var sjølvaste Julia Roberts som kom til bygda, kommenterte Longva tørt.

Sjølv har han som lokalpolitikar i ei årrekkje kjempa for å få sentralpolitisk gehør for kravet om modernisering av verket, utan synleg hell så langt.

— Så no har SV plutseleg fått ein industripolitikk vi kan stole på? Det er ikkje meir enn 14 dagar sidan SV var med på å stemme ned forslaget om å bruke norsk gass til industriutvikling her heime i staden for å eksportere den som råvare, seier Longva, og legg til:

— Medan dei driv og diskuterer barnehagar inne på Stortinget, så døyr den norske industrien.

Ny på lista?

Likevel fekk Kristin Halvorsen oppleve ein festdag då ho kom til Høyanger etter å ha halde talen i Førde tidlegare på dagen. Morgontog og barnetog var allereie avvikla då ho kunne marsjerte i front med flaggborga i hovudtoget gjennom sentrum fram til torget framfor Folkets Hus.

Og folk fekk det dei var komne for.

— Da dei kjøpte det tyske aluminiumskonsernet VAW, investerte Hydro 21 milliardar, og dermed 21 gonger dei investeringane som no trengst i Høyanger. Og Hydros eigne tal viser at ei investering som skissert i Høyanger vil gje 22 prosent avkastning, mot ti prosent som er det vanlege Hydro-kravet til slike investeringar, sa Halvorsen. - Dette er framtidsretta investeringar, og eg kjem til å slå i bordet overfor regjering og næringsminister, lova ho til stor applaus.

Men SV-leiaren måtte også helle malurt i begeret: Ho står fast på sin motstand mot gasskraftverk så vel som nye vasskraftutbyggingar.

Men aluminium er kraftkrevjande industri, det er kraftunderskot i landet og eit nyutbygd Høyanger Verk vil trenge 400 GWh ny kraft.

— Krafta må hentast ved energiøkonomisering og oppgradering av gamle anlegg og linjer, sa Halvorsen til Bergens Tidende etter talen sin.

På same tid heldt Longva sin appell:

— I kampen for Høyanger må vi bruke dei politikarane vi kan stole på, sa Ap-ordføraren. - Etter innlegget til Kristin Halvorsen har eg under tvil kryssa av ein ny på lista mi.

POPULÆR SV-LEIAR: Aldri tidlegare har industristaden Høyanger opplevd liknande medieinteresse for 1.mai-feiringa.
Foto: Oddleiv Apneseth