Om lag 75.000 kubikkmeter sprengstein frå ytste Eldøyane ved verftet skal dumpast i dokken og bli underlag for Kristin-modulane. Oppå steinmassane skal det leggjast asfalt. Når dekket er sett saman og er klart til å bli kopla saman med stålunderstellet frå Korea, blir steinmassane henta opp att for deretter å bli fyllstein i Aker Stords nye industrikai. Dette skjer hausten 2004, melder Aker Stords bedriftsblad Systemposten.

Byggeplata i dokken skal vera klar tidleg i mai i år, for då blir dei første seksjonane rulla ut for å bli sette saman til eit komplisert produksjonsplattformdekk.

Kristin-plattforma som blir slept til havs i mars 2005 har namn etter Sigrid Undsets kjende romanfigur Kristin Lavransdatter.

STEINDOKK: Den tidlegare skipsdokken (i framgrunnen) ved Aker Stord skal mellombels fyllast med 75.000 kubikkmeter sprengstein for å gje byggeunderlag til Kristin-dekket. Ved kaien ligg Valhall-dekket som ufrivillig må overvintra ved Aker Stord.<p/> FOTO: OVE A OLDERKJÆR