Klokka 12 langfredag starta slepet av «Kristin»-plattforma frå Aker Stord. Eit vestlandsk spesialprodukt det kan gå mange år før vi ser maken til innaskjers.

Med hjelp av fire kraftige slepebåtar frå Danmark stemner den 33.000 tonn tunge og 8,3 milliardar kroner dyre dama i sakte fart opp Langenuen og ut Selbjørnsfjorden i løpet av langfredag ettermiddag.

Etter ein 80 timer lang tur mot nordvest blir «Kristin» ankra opp på Haltenbanken i Norskehavet. Frå oktober er ho klar til å ta imot gass og kondensat frå djuptliggjande reservoar under havet. Verdiar som summerer seg til fleire titals millionar kroner om dagen.

I to og eit halvt år har Aker Stord hatt jobb med å laga dekksmodular og samanstilla den halvt nedsenkbare produksjonsplattforma «Kristin» semi, oppkalla etter Sigrid Undsets romanfigur Kristin Lavransdatter.

— Eg er både letta og litt vemodig, seier Torleif Bjelland, Aker Stords fabrikasjonsansvarlege idet «Kristin» forlet Stord. Onsdag før skjertotrsdag kasta plattforma loss frå Aker Stord-kaien og la seg til ute i fjorden for uttesting og klargjering til slepet. Dermed var oppdraget fullført for verftet. «Kristin» er levert heilt ferdiggjort, på dato.