— Eg fekk heilt hakeslepp. Eg ante ikkje kva eg skulle gjere, seier far Stig Brekke. For då han kom til Varhaug barnehage for å hente sønene Mikal (4) og Kristian (2) tirsdag ettermiddag, var ikkje Kristian å sjå nokon stad.

— Den eine barnehagetanta kom og spurde om eg såg etter Kristian. «Ja», svarte eg. «Nei Kristian, han er allereie henta han», sa ho då, og lurte på om eg ikkje visste kven det var som hadde tatt han med.

Det gjorde Stig Brekke slett ikkje. Etter hektiske undersøkingar viste det seg at Kristian var henta av ei kvinne som eigentleg skulle henta ein annan toåring - som også heiter Kristian. Kvinna kjende ingen av barna, og hadde fått med seg feil Kristian heim.

«Skal berre hente ein»

— Det var ikkje til å tru, seier Stig Brekke. Storebror til Kristian hadde heller ikkje merka at veslebror vart borte.

— Ei av tantene hadde spurt dama om ho ikkje skulle ha med seg Mikal også. «Nei, eg skal hente berre ein», hadde kvinna svart - utan at varselklokkene kimte hos nokon av partane, seier Stig og ristar på hovudet.

Etter å ha venta i 20 minutt utan at barnehagepersonalet lykkast i å spore opp den ukjente kvinna - som ingen visste kven var - reiste han for fortelje kona kva som hadde hendt.

— Ho vart jo heilt hysterisk, seier Stig.

— Eg trudde aldri at han var kidnappa. Men vi kunne jo ikkje vite kva slags folk han var hos. Det var frykteleg, seier Tina Brekke.

Skremt av svikten

Saman med dei i barnehagen sat den andre Kristian på to år og åt knekkebrød. Først etter ein time lykkast det barnehagepersonalet å få tak i bestemora hans og dermed få orden på barnefordelinga.

Tirsdag kveld følgde Kristian Brekke med på teiknefilmen på fjernsynet som om ingenting hadde hendt, trygt på plass i sofaen på Os.

— Han er veldig tillitsfull. Eg trur ikkje han reagerte i heile tatt. Så lenge folk er greie med han, er han nøgd, seier Tina Brekke.

Ho er likevel skremt over at det kan vere så lett å få med seg eit barn ut frå barnehagen.

— Eg meiner ikkje å kritisere nokon. Dei gjorde det sjølvsagt ikkje med vilje. Men det er snakk om barna våre, det mest dyrebare vi har, seier Brekke.

- Veldig, veldig lei oss

Styrar Tone Fjeldstad ved Varhaug barnehage hadde ingen god kveld tirsdag.

— Det var frykteleg. Vi har vore lamslåtte alle saman. Slik skal ikkje kunne hende, og så hender det likevel, seier Fjeldstad.

Ho forklarer fadesen med at det er tre barn som heiter Kristian i barnehagen.

— Vi hadde fått beskjed om at den eine skulle hentast av andre enn foreldra sine. Så oppstod det altså ei namneforveksling, og dermed var det gjort, seier Fjeldstad. Ho lovar at rutinene allereie frå i morgon vil bli innskjerpa.

— Vi må heretter få oppgitt fullt namn på barnet som skal hentast, og kanskje må den som hentar også legitimere seg. Vi er veldig, veldig lei oss, seier Fjeldstad.

FORBYTTA: Stig Brekke mista munn og mæle då sonen Kristian vart forbytta i barnehagen.
FOTO: JAN M. LILLEBØ