Magnus Stangeland har etter det Bergens Tidende kjenner til, gitt opp å få fjerna Kristensen Solås frå Redningsselskapet før han sjølv formelt trekkjer seg tilbake som president kommande laurdag. Den tidlegare generalsekretæren har nemleg takka kontant nei til eit konkret tilbod om ein sluttavtale.

— Eg vil ikkje ta mot sluttpakke frå ein humanitær organisasjon. For meg blir det heilt feil å ta mot pengar for å slutte i eit selskap som baserer seg på innsamla midlar. Eg ønskjer å arbeide, og gje noko tilbake for pengane eg tener, seier Kristensen Solås til Bergens Tidende.

Kring 2 mill

Ho ønskjer ikkje å seie noko om kor stort tilbodet frå Stangeland var. Tidlegare har det vore spekulert i at Kristensen Solås ville få ein sluttpakke som sikra ho lønn dei to siste åra av perioden ho skulle vere generalsekretær. Dette vil i så fall utgjere rundt to millionar kroner,

Det som ligg i botn er at Kristensen Solås inngjekk ein arbeidsavtale som ikkje kunne seiast opp, då ho takka ja til å bli generalsekretær frå 2004.

— Det var ikkje eg som ville ha ein slik avtale. Det var selskapet. Dei var ivrige etter å få meg til jobben, og frykta vel at eg kunne kome til å søkje anna arbeid før dei fire åra var gått, seier Kristensen Solås.

Etter avslaget på sluttpakken, har Magnus Stangeland gjort det klart at det no blir opp til det nye styret å avgjere framtida hennar i selskapet. Stangeland går formelt av som president i Redningsselskapet på det ekstraordinære landsmøtet kommande laurdag,

Tilbod om jobb

Alt tyder på at den nye leiinga vil vere innstilte på å tilby Kristensen Solås ein stilling i selskapet. Fleire av medlemene i landsrådet som Bergens Tidende har vore i kontakt med, gjev uttrykk for sympati med standpunktet Kristensen Solås har teke til sluttpakketilbodet. Landsrådet er sett saman av leiarane for dei 13 distrikta, og det er desse 13 som utgjer det ekstraordinære landsmøtet.

— Etter mitt syn vil det vere ei fornuftig løysing å gje Monica Kristensen Solås tilbod om å gjere ein jobb i selskapet, seier distriktsleiar i Hordaland, Knut Miland, til Bergens Tidende.

— Er det aktuelt at ho kan kome tilbake som generalsekretær?

— Det tvilar eg vel meir på. Med all den uroa som har vore, føler eg at det er nødvendig å skifte ut dei fleste kostane. Dette blir ei av dei første oppgåvene det nye styret, som skal veljast laurdag,

må gå i gang med.

Så godt som klare

Torsdag skal valnemnda i Redningsselskapet ha sitt siste møte. Til Bergens Tidende seier leiar Anton Iversen at dei er så godt som klare med innstillinga.

— Vi har ein to-tre brikker som skal på plass. Til det treng vi eitt møte til.

— Har det vore lett å finne aktuelle kandidatar?

— Ja, det har vore veldig kjekt å sjå at trass den uroa som har vore, er folk villige til å gå inn og gjere ein jobb for selskapet. Vi har hatt i overkant av 20 kandidatar til vurdering, kommenterer Iversen.

Han vil ikkje seie noko om tilrådinga frå valnemnda før etter torsdagens møte. Og kanskje vil han ikkje seie noko då heller.

— I Redningsselskapet er vanleg praksis at innstillinga frå valnemnda blir lagt fram på sjølve årsmøtet. Men på grunn av den store medieinteressa det er for dette møtet, vil vi i alle fall diskutere om vi skal offentleggjere tilrådinga etter torsdagens møte i nemnda.

AVSLO: Den tidlegare generalsekretæren i Redningsselskapet, MonicaKristensen Solås, har takka kontant nei til eit konkret tilbod om einsluttavtale. ARKIVFOTO: HÅVARD BJELLAND