Alt håp om vidare drift ved felgfabrikken ser ut til å vere ute etter at bustyret i går ettermiddag gav opp å finne nye eigarar. Det har heller ikkje lukkast å få ein avtale om mellombels drift. Dermed er det i praksis kroken på døra frå i morgon.

Då Fundo gjekk konkurs 12. januar, hadde bedrifta 250 tilsette. Fylkesdirektør i NAV, Thore Thorsnes, sa under statssekretær Rikke Linds besøk i Høyanger måndag at mellom 400 og 500 direkte eller indirekte vil misse jobben.

Les også: Felg i solnedgang

Frå fylkes-NAV

Arbeidsløysa i Sogn og Fjordane vil auke med 50 prosent som følgje av at felgproduksjonen stoppar. Fungerande NAV-leiar i Høyanger, Ann-Kristin Nygård, seier dei skal greie å takle situasjonen.

— Eit eige team frå NAV i fylket kjem til Høyanger for å hjelpe til i arbeidet. Vi skal ha informasjonsmøte på bedrifta der dei tilsette får registrere seg som arbeidssøkjande.

Nygård meiner tilsette som har fagkompetanse vil ha gode sjansar til å finne ny jobb, men at mange nok må rekne med å pendle.

— Andre vil stille sterkare med kurs, noko dei vil få tilbod om. Dette vil vere kortare kurs som relativt rask kan gjere dei kvalifiserte for nytt arbeid andre stader, seier Nygård.

Les også: Håpet ute for Fundo

Siste forsøk

Dei Fundo-tilsette blei informert om bustyret si avgjerd på eit allmøte tysdag ettermiddag. Likevel blei det utetter ettermiddagen arbeidd for å berge hjørnesteinsverksemda. Ifølgje hovudtillitsvald Erik Flæthe jobba den lokale interessegruppa hektisk i eit siste forsøk på å berge framtidig drift.

— Siste vogna har ikkje gått frå perrongen. Vi har eit lite håp, men det er skjørt, sa Flæthe.

Men i ei pressemelding bustyret sende ut seint i går ettermiddag, blir det slått fast at all ordinær drift ved Fundo blir avslutta innan 12. februar. Bustyret skriv at ingen av dei tre felgprodusentane som har vore i Høyanger, har vore interesserte i å ta over verksemda.

— Det er først og fremst vanskane i europeisk bilindustri som gjer at ingen har ønskt eller vore i stand til å ta over, meiner bustyrar Knut Ro.

Les også: Staten stoppar Fundo-løysing

Baud aldri

Om kontakten med den lokale gruppa som har jobba for å få på plass eit alternativ, skriv bustyraren følgjande:.

  • Gruppa har aldri lagt inn noko bod på Fundo, og dei har heller ikkje vore i stand til å dokumentere ein finansiell plan for vidare drift, skriv bustyraren.

Dette avviser ordførar Kjartan Longva:

  • Vi har bydd 16 millionar kroner. Alternativt ønskte vi å leige for 100.000 kroner i månaden. Vi har presentert eit driftsopplegg med eit overskot på meir enn 20 millionar kroner i året.

Bustyret skriv også at dei har prøvd å få til vidare drift i ein ny mellombels driftsperiode. Men ingen av bilprodusentane som har vore Fundos største kundar, Volvo og Audi, har vore villige til å påta seg risikoen for vidare drift.

  • Sjøl vom det er sagt at det blir stopp frå torsdag, ser eg ikkje vekk frå at det blir ein viss produksjon i ein overgangsfase, til Volvo og Audi har funne seg nye leverandørar, meiner ordførar Longva.
  • Er det framleis eit ørlite håp om å berge Fundo?
  • Nei, eg trur ikkje det.
oddleiv apneseth