Hotelleigar Carl André Riiber og tidlegare hotelleigar Carl M. Riiber var blant dei som brannatta uttrykte frykt for at brannen kunne vera påsett.

Brannen byrja på ein altan i sørenden av soveromsfløya, der ei rekke overlevingsdrakter hang til tørk.

Brannsikra Flammane steig til loft og tak, og kunne såleis spreia seg i heile soveromsfløya si lengde. Dei andre etasjane er sikra mot spreiing av eld ved hjelp av vegger med gipskledd teglstein mellom soveromma. Etasjeskilja er av betong.

Branntilløp andre stader ville neppe kunne ha utvikla seg så dramatisk.

Kripos kjem

— Vi hadde først lokalt politi på staden. Dei fekk så hjelp av kollegaer frå andre deler av politidistriktet, og deretter hadde vi to teknikarar på plass. Dei fann å ville be om assistanse frå Kripos. No har vi fått positivt svar frå Oslo, og ekspertar på åstadgransking etter brann er på veg til Vik, opplyser Tor Teige i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Arne Hofseth