Fungerande lensmann Dag Vidar Nordhus har så langt ikkje grunn til å tru at noko kriminelt har skjedd den utanlandske kvinna med bustad på Stord. Politiets hovudteori er at kvinna har reist til utlandet utan å informera sine nærmaste.

Kvinna sin familie melde henne sakna 19.juni. Kripos kom til Stord med tre taktiske etterforskarar sist veke, og assisterer framleis det lokale lensmannskontoret i saka.

– Det er ikkje nokon dramatikk i at vi nyttar oss av Kripos. Dei har oppsporing av sakna personar som spesialfelt, og veit kva trådar dei skal trekkja i. Dei har også ein tettare dialog med Interpol, seier politioverbetjent Dag Vidar Nordhus, konstituert Stord-lensmann i sommar.

Ingen detaljar

Politiet ønskjer på dette stadiet ikkje å gi detaljar om kvinna sin alder eller oppha-veleg heimland. Heller ikkje om ho har asylmottaket som adresse på Stord.

– Mistanken om at ho har reist til eit anna nordisk land eller lengre er absolutt til stades. Men vi held alle eventualitetar opne. Vi håpar på eit gjennombrot i saka om ikkje altfor lenge, seier Dag Vidar Nordhus.