Mannen blei 28. januar varetektsfengsla for to veker i Fjordane tingrett, sikta for falsk forklaring, etter å ha forklart seg ulikt om når han sist såg kona. Mannens forsvarar anka, og Gulating oppheva kjennelsen.

No har Høgsterett stadfesta at mannen ikkje skal sitje i varetekt.

Det var den 24. januar han melde kona sakna. Då var det nesten tre veker siden han hadde høyrt fra ho sist. Paret bur i Førde og har ingen barn. Kvinna kom til Norge i byrjinga av desember 2010 etter å ha fått innvilga familiegjenforreining, ifølge politiet.

— Gje han fred

Lagmannsretten legg til grunn at det er motstrid i mannens forklaringar. Men slik retten ser det, er den eigentlege årsaka til kravet om fengsling at politiet mistenkjer mannen for å ha noko å gjere med konas forsvinning. I rettsavgjerda heiter det:

«Slik lagmannsretten ser det, er politiets begjæring om varetektsfengsling av siktede i realiteten knyttet opp mot etterforskningen rundt forsvinningen til siktedes ektefelle. Det er et forhold som ikke er omfattet av siktelsen som følgelig heller ikke begrunner fengsling av siktede».

— Påtalemakta får anten ta ut sikting for det dei meiner har skjedd, eller så får dei gje han fred, seier forsvarar Ivar Blikra til NRK Sogn og Fjordane.

Mannen er av utanlandsk opphav, og gjekk sjølv til politiet og melde kona sakna den 24. januar. I tre avhøyr har han gitt sprikande forklaringar på kvar han såg ho sist, og vedgått å ha forklart seg falskt. Den sakna kvinna er ikkje etterlyst.

Trur ikkje på kriminell handling

Lensmann i Førde, Jan Egil Tvinde, avviser at dei mistenkjer ektemannen for andre forhold enn det han er sikta for - altså falsk forklaring. Han seier politiet etterforskar breitt fordi dei ikkje veit bakgrunnen for at han har forklart seg falskt.

— Eg trur ikkje at noko kriminelt har tilstøtt den sakna kvinna, seier Tvinde til Bergens Tidende.

— Kva baserer du dette på?

— På dei opplysningane vi har fått gjennom etterforskinga. Men for oss er det ikkje nok å tru, vi må vite. Difor er det så viktig at vi finn denne kvinna.

I følgje Tvinde er ein berande teori at kvinna har reist tilbake til heimlandet. Problemet er at politiet ikkje har greidd å oppnå kontakt med henne der.

— No får vi bistand frå Kripos i dette arbeidet. Dei kan også hjelpe oss i den taktiske delen av etterforskinga, seier Tvinde.

— Når vil politiet kunne slå fast om ho har reist frå landet eller ei?

— Eg hadde håpa at vi visste dette for ei veke sidan. Men vi har ikkje fått noko livsteikn frå henne, seier lensmann Jan Egil Tvinde i Førde.