Det var litt over klokka 01 natt til søndag at alarmen gjekk ved asylmottaket, og 19 bebuarar måtte i all hast evakuere hovudbygget. Ingen av dei vart fysisk skadde.

Den delen av mottaket som brann, var brukt til bustad for familiar. Til saman 26 menneske budde i den aktuelle fløyen, av dei 14 barn.

Ingen konfrontasjonar

Ein teknisk etterforskar frå Kripos kom i dagtidleg til Florø, og han starta sine undersøkingar ved 12-tida etter å ha blitt sett inn i saka. Største skadene har bygget fått i eit fellesrom i vestre del av bygget, men politiet kan ikkje stadfeste om brannen har starta i eller like utanfor dette rommet.

— Bygget har fått store skader av både brann, røyk og vatn. Vi veit omtrent kor den har starta, og vi går inn i denne etterforskinga med blanke ark, seier Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet opplyser at det ikkje har vore spesielle episodar i forkant som kan knytast opp mot brannen. Ingen spesielle åtak eller hærverk utført at utanforståande, og heller ikkje intern uro eller motsetnader blant bebuarane.

— Opp gjennom åra har det vore svært lite av denne typen konfrontasjonar ved Solbakken, seier Eggen.

Mange av bebuarane fekk berre med seg det mest naudsynte då dei måtte evakuere i all hast. Enkelte knapt nok det.

Isse mista alt

Mottaksleiar Kåre Antonsen har engasjert seg spesielt sterkt for ein av bebuarane ved Solbakken, somaliske Isse Mohammed. Isse har fem små barn på ein barneheim i Somalia, og ventar no på å få alle fem til Norge etter at mora døydde i barsel da den yngste kom til verda.

Isse hadde spart opp til og fått ei rekke gåver, utstyr og klede som barna skulle få, men som alt gjekk tapt i brannen.

Til saman er ein tredel av alle bebuarane på Solbakken direkte ramma av brannen, men mottaket skal drivast vidare som før med innkvartering mellom anna på pensjonat.