TRUDE HETLE

Kripos sine tekniske etterforskarar er i full gang med å finkjemme skogholtet der Anne Slåtten vart funnen drepen måndag.

Det er vanskeleg å seie kor lang tid Kripos vil bruke, før dei er ferdig med arbeidet på åstaden. Truleg vil politiet også i løpet av dagen starte undersøkingane i bukollektivet i Hamretunet.