— Både hotell og branntomt er no frigitt av Kripos. Dei er ferdige med arbeidet sitt her i Vik, men har ikkje sagt om dei har drege nokon konklusjon, seier hotelleigar Carl André Riiber.

Han går ut frå at politiet vil analysera åstadsfunna før dei seier noko om brannårsaka.

Avlyser sesongen

Hotelleigaren har i dag plassert 3000 bestilte gjestedøgn hjå andre hotell på Vestlandet. Dei tilsette er permittert. Brannen har spolert heile sesongen, sjølv om Hopstock har 40 rom, kjøken og eit publokale i andre bygningar enn den brannskadde.

— Ingen av turoperatørane vil ha gjester buande rundt ei branntomt. Slikt blir det berre klager og erstatningskrav av, seier Riiber.

Minihotell

Han er likevel innstilt på å hjelpa reisande som av ulike grunnar treng overnatting i Vik, til dømes på besøk eller forretningsreise.

— Primært vil vi bruka «Dampen» til dette. Huset har pub, kjøken og seks gjesterom, fortel Riiber.