— Eg har fått min eigen bomring, seier Vigdis Reisæter.

Det stemmer ikkje fullstendig, sjølvsagt. Strengt tatt blir heile Granvin sin eigen bompengering, omringa av vegprosjekt i stor grad finansiert av bilistar som Reisæter.

Kor enn Vigdis Reisæter skal, må ho nemleg betale for å bruke vegen - i til saman fem ulike bompengeprosjekt og ei ferjestrekning.

Frå bustaden i Kvanndal ser Reisæter ut over bilistane som kjem med ferja frå sørsida av Hardangerfjorden.

50.000 på deg

Ho seier at ho ikkje er ein prinsipiell motstandar av bompengar.

  • Eg skjønnar at ein del prosjekt må bli finansiert slik for at dei i det heile tatt skal bli bygd. Men det er ikkje særleg rettferdig at bilistane frå Granvin skal betale så mykje for vegar som hovudsakleg kjem til nytte i andre kommunar, seier Reisæter.

Ho meiner ei flat avgift for alle - altså ei langt større vegavgift - eller eit utgiftstak hadde vore betre.

Situasjonen til innbyggjarane i Granvin er symptomatisk på korleis framtidas vegar blir betalt. I Hordaland vil du i framtida vere litt av eit særtilfelle om du ikkje bur i nærleiken av ein bomstasjon. Bompengar kjem til å bli ein større del av kvardagen enn i dag.

Fordelt på kvar einaste hordalending, skal 50.000 kroner bli betalt inn i bompengar for alle dei nye vegprosjekta under bygging og planlegging, slik BT tidlegare har fortalt.

Berre utfor Bergen og omegnskommunane, er sju ulike bompengeprosjekt under bygging eller planlegging.

Alle bomvegar fører til Granvin

Reisæter og innbyggjarane i Granvin får tre av dei i nabolaget:

***** Til Voss: Vossapakko skal ruste opp fleire vegstykke, mellom anna på vegen mellom Granvin og Voss. Pris: 1,1 milliard kroner. Innkrevjinga startar denne hausten.

  • Til Kvam: Kvammapakken inneheld vegopprusting i heile Kvam herad - og eit kryss i Granvin sentrum. Pris: 450 millionar kroner. Innkrevjinga startar samtidig med Vossapakko.
  • Til Eidfjord og Odda: Hardangerbrua er under bygging, og vil gå frå Vallavik i Ulvik herad til Bu i Ullensvang. Pris: 2,3 milliardar kroner. Innkrevjinga har allereie begynt på ferjestrekninga Bruravik-Brimnes.

Og, som om det ikkje var nok, finst også Folgefonntunnelen og om nokre år Jondalstunnelen. Begge bomstasjonar langs fylkesvegen. I tillegg kjem billettprisen på ferjestrekninga Kvanndal-Utne.

Den einaste andre kommunen Reisæter og dei andre i Granvin i framtida kan køyre til utan å betale, er Ulvik.

- Skjermar eigne innbyggjarar

Kostbare prosjekt er planlagt også i andre delar av fylket: Bømlopakken, Nordhordlandspakken, Tverrsambandet, Hordfast og Svegatjørn-Rådal er blant døma

Kvar dag reiser Reisæter til Voss, der ho jobbar som Nav-leiar. Kvar måndag spelar ho kornett i Ålvik musikklag - rett over grensa til Kvam.

  • All denne fartinga, det vil merkast på lommeboka. Eg har berre ikkje våga å rekne på det, seier Reisæter.

Ho meiner det er irriterande at innkrevjinga skjer på kommunegrensene.

  • Dermed må dei som kjem utanfrå grensene betale meir, sjølv om dei innfor kommunegrensene vil bruke vegen minst like mykje, seier Reisæter.

Ho mistenkjer at kommunar som Voss og Kvam ønskjer å skjerme sine eigne innbyggjarar.

I Kvammapakken er til dømes den største utgiftsposten ein ny tunnel mellom Øystese og Norheimsund.

  • Tenk om dei hadde sett bomstasjonen mellom Øystese og Norheimsund, seier Reisæter, fødd og oppvaksen i Kvanndal.
  • Håh gud, då hadde dei blitt sinte.

Voss-ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik avviser derimot at ho har prøvd å skåne sine eigne veljarane.

  • Plasseringen av bomringen er rettvis for dei som skal bruke vegen, seier ho.

Det lykkast ikkje BT å kome i kontakt med Kvam-ordførar Astrid Selsvold i går kveld.

Synspunkt? Sei di meining her.