Varaordførar Kjellaug Ekse Brekkhus la ned krans ved bautaen på Bømoen over falne i 1940 og under okkupasjonen, fram til 8. mai 1945. Alle falne som var under kommando av Fjordane Infanteriregiment nr. 10 (IR10) har fått namnet sitt meisla inn på monumentet. I militær samanheng stod Fjordane ikkje berre for Nordfjord og Sunnfjord, men også Sognefjorden og Hardangerfjorden. Frammøtet til 60-årsmarkeringa var langt større enn tilskiparen, Voss og Omland Forsvarsforeining, hadde venta, og under kaffiøkta i Austre Messe etterpå, kom det framlegg om å dela dei innkjøpte wienerbrøda i to. I offisersmessa vart det også sett friske blomar i haldaren ved relieffet over soldatane i Bergartilleriet som fall i 1940. Både IR10 og etterfyljaren Fjordane Regiment er no historie, og det formelle ansvaret for monumentet høyrer til Heimevernet, som har base på Skei i Jølster. Men sidan bautaen står på Voss, er det Forsvarsforeininga si lokalavdeling som står for det praktiske, i samarbeid med det befalet som er att på Voss, først og fremst i Alliert Treningssenter Sør.