Heilfrelste vikingar har knapt merka seg at Njardarfjorden har bytt namn til Nærøyfjorden og kome på UNESCO si verdsarvliste. Dei driv sine syslar i vikingleiren, og ror sitt stolte vikingskip «Njardar» på Nærøyfjorden og oppetter Nærøydalselva som om tida har stått stille i tusen år.

Vi vil ikkje hevda at lurane gjalla då den sjuande vikingmarknaden på fem år vart blåst i gang laurdag. Tre storblåsarar frå Alphornvereinigung Fürstenland i Sveits framførte «Allegra Vereina» av René Ganz. Lyden frå alpehorna fekk ein flott klang i det mektige dalføret.

— Vi er på feriereise og ville testa klangen i denne flotte dalen. Alpehorn kling best med ekko frå bratte fjellsider, fortel Margrit Brühwiler som utgjorde trioen saman med mannen Niklaus og kompisen Sepp Manser.

— Eg la på sprang med ein gong eg høyrde dei, og fekk hyrt dei inn til å spela under opninga av marknaden vår, rett over elva. Snakk om samantreff, seier ein andpusten Håkon Rylandsholm.

Han er vikinghøvding Georg Hansen si høgre hand. Det er eit bask å bera dei svære lurane over gangbrua, både fram og attende, så sveitsarane kan koma seg vidare på ferieturen.

I vikingleiren er ein raskt attende i norsk røyndom, sånn cirka i eit tusenårsperspektiv. Våpenkamp var langt frå einaste gjeremålet. Her steller dei hestar, smir jern, dyrkar urter, lagar glas, smykke, lærvarer, vottar (nålbinding, ikkje strikking) og mangt anna.

Kva som får godt vaksne folk, mange svært velutdanna, til å kle seg som vikingar og leva seg inn i eit tusen år gamalt miljø, let seg ikkje forklara. Det må opplevast, seier dei. Urtespesialisten frå Akershus vart rekna som den eldste nolevande «viking». Sidan 80-talet har han vore med på slike samlingar.

Kven som overlevde våpenkampane?

Her var både holmgang og kamp i ring til ære for Odin. Den som stod triumferande att på valen var Hafrsfjordvikingen Rune Heim frå Mosterøy. Den siste han nedkjempa var Lars Jørgen Myking frå fekteklubben Frie Duellister i Bergen.

Det meste av leiren blir riven når helga er omme, men langteltet, som illuderer eit langhus, blir ståande heile sommaren. Dessutan kan vikingskipet leigast av dei som vil prøva å ro.

— Di fleire, dess betre, men båten er lettrodd, og kan i prinsippet førast av berre to personar, ein ved roret og ein som ror. Men det er best med to ved årene, seier høvding Georg.

Han er lettast å treffa mellom klokka 11 og 16, men det er lurt å ta ein telefon på førehand.

I KAMP: Hafrsfjordvikingen Rune Heim frå Mosterøy sende eine motstandaren etter den andre til Valhall.
Sævig Rune
HANDARBEID: Veteranviking Arne Andersen spikkar på vikingvis, og guten i røyken, John Vedde, spelar på seljefløyte.
Sævig Rune
HARPESPEL: Anne Marie Erwing syng og spelar på harpe medan baby Gwendolen boltrar seg i teltopninga.
Sævig Rune
HEST: Gunnbjørg Tufte frå nabogrenda Bakka med hesten Hero nedunder Kjelsfossen.
Sævig Rune