Ordførar Jan Utkilen seier til Kystradioen at dei aktuelle prosjekta vil tilsaman kosta omlag 180 millionar kroner.

Den nye strakspakken inneber kollektivfelt i begge retningar på begge sider av Sotrabrua, gang— og sykkelsti på Sotrabrua, ”park and ride” i Knarrevik, utbetring av Knarrevik-krysset og nokre andre prosjekt i Straume-området. Ifølgje Utkilen er Fjell kommune innstilt på å forskottera dei 180 millionar kronene som dette kostar og få pengane tilbake som ein del av fastlandssambandet mellom Sotra/Øygarden og Bergen.

Sjefsingeniør i Statens vegvesen, Sindre Lillebø, stadfestar at ein reguleringsplan på bergenssida er i sluttfasen. Eit kollektivfelt mellom Breivik-skiftet og Sotrabrua og utbetring av Drotningsvik-krysset vil åleine kosta mellom 25 og 30 millionar kroner.

Utkilen forventar at nye kollektivfelt og bussavgang kvart 10. minutt mellom Straume og Bergen vil gi langt fleire kollektivreisande og betre trafikkflyt på strekninga enn tilfellet er i dag.

RUNE BERENTSEN