Både aktor og forsvarar meiner at Voss tingrett maksimalt bør nøya seg med fengsel på vilkår, kombinert med ei vilkårslaus bot. Det vil seia at ei eventuelt idømt bot må betalast, medan fengselsstraffa ikkje skal sonast dersom den tiltalte held seg unna strafflagde handlingar i ei prøvetid på to år.

Tungt tap

Aktor, politiadvokat Magne Kvamme Sylta, meinte at 23-åringen måtte domfellast etter tiltalen og dømast til 30 dagar fengsel på vilkår, og 6000 kroner i bot.

Han meinte det var ført prov for skuldspørsmålet, men aktløysa var ei umedviten, ugjennomtenkt handling. Det var slett ikkje slik at han med vilje utsette seg sjølv og kjærasten for fare. Sylta la også vekt på at kjærasten sin bortgang er eit stort tap for han.

Forsvararen, advokat Samson Røyrvik, Odda, påstod frifinning. Subsidiært argumenterte han for fengselsstraff ned mot minimum, 18 dagar. Han la vekt på dei lidingane tiltalte alt har gjennomgått. Dei fysiske skadane er ille nok, men enda verre er det psykiske, skuldkjensla og tapet av kjærasten. Røyrvik nemnde også haldninga til familiane på begge sider.

Finjus

Advokat Rørvik hevda at påtalemakta ikkje har ført prov for aktløyse. Bilsakkunnige seier veggrepet glapp fordi det var sommardekk på eine hjulet. Men kvifor glapp det akkurat der, og ikkje på vanskelegare vegstrekningar? Det må vera ein årsak til inne i biletet. Den har ikkje påtalemakta påvist, og dermed må føraren frifinnast, sa Rørvik.

Rørvik avviste brot på forskriftene (manglande piggdekk) som argument for aktlaus køyring.

— Under sjølve køyringa er kravet til føraren at bilen skal vera i forsvarleg stand. Det er før køyreturen tek til, at lova krev forvissing om at bilen er i både forsvarleg og forskriftsmessig stand. Difor er brotet på forskriftene uinteressant, og retten må finna tilhøvet uforsvarleg for å fella dom, poengterte han.

Kor lenge er kortvarig?

Forsvararen prosederte også for frifinning frå tiltalepunktet om brot på forskriftene, men vedgjekk at han her var i tvil.

Forskriftene tillet kortvarig bruk av eit reservehjul med sommardekk til dømes ved punktering. Spørsmålet er kor langt omgrepet «kortvarig» kan strekkast. Vitneføringa fortalde om punktering 1-2 veker før ulykka, minst sju dagar om all tvil kjem tiltalte til gode. Aktor hevda at det maksimalt kunne tillatast «eit par dagar». Kva Voss tingrett kjem fram til i dette spørsmålet, kan vera interessant for mange bilførarar. Det vil ta nokre dagar før dom vert sagt.