Reiarlag langs heile norskekysten er fortørna over haldninga Sjøfartsdirektoratet har vist etter «Sleipner»-ulukka, og fryktar at store deler av kysttrafikken i Norge skal bli lamma. Særnorske krav kan ifølgje Rederienes Landsforening medføre at nær 60 hurtiggåande passasjerbåtar får seglingsforbod.

Ikkje vurdert konsekvens

— Det eksisterer rett og slett ikkje utstyr på markaden som tilfredstiller dei norske særkrava, seier rådgjevar Bent Martini i Rederienes Landsforening.

— Vi snakkar om moderne passasjerbåtar som fullt ut tilfredsstiller alle internasjonale krav, men som no blir nekta å segle. Dette fordi Norge har innført krav om ein standard på utstyr og testing som ingen produsent kan levere.

Dei skjerpa krava har kome i kjølvatnet av «Sleipner»-tragedien, og dreier seg om system for såkalla tørrskodd evakuering. Dei norske særkrava vart varsla ved siste årsskifte, men spesifisert først i haust. Då hadde norske reiarlag frist til mars med å gjennomføre utbetringane, men Sjøfartsdirektoratet har utsett fristen til ut juni. Like fullt hevdar reiarlaga å stå overfor ei umogeleg oppgåve.

— Vi ønskjer å ha ein svært høg standard på tryggleik, og det er sjølvsagt tungt for oss å argumentere mot tryggleikskrav. Men i dette tilfellet innfører Sjøfartsdirektøren krav som ingen har vurdert konsekvensen av, korkje når det gjeld faktisk tryggleik eller økonomi for næringa, seier Bent Martini i Rederienes Landsforening.

Forbod for ny båt

For reiarlaga er konsekvensen at topp moderne båtar må ut av trafikk. Namsos Trafikkelskap er eksempelvis pålagt å legge hurtigbåten «Namdalingen» (ny desember 2000) i opplag, medan ruta den skulle gått, blir trafikkert av ein over 20 år gamal båt.

— På den gamle båten må passasjerane hoppe i sjøen, og vi har ingen garanti for at redningsflåtane er på rett kjøl. Den nye, med topp moderne system for evakuering, får vi ikkje bruke, seier teknisk inspektør Torbjørn Lundseng i Namsos.

Eit anna eksempel er Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF), med fire hurtigbåtar som må oppgraderast. Denne veka låg «Kommandøren» hjå Fjellstrand for montering av nytt utstyr då meldinga kom om at utstyret likevel ikkje er godkjent. Under ein fersk test på Stord fekk utstyret til 2,5 millionar kroner pr. båt, strykkarakter. I tillegg kjem like store utgifter til særnorsk test av kvar enkelt båt.

— Vi opplever at flåteprodusentar som leverer over heile verda ikkje er spesielt ivrige etter å tilpasse utstyret til dei spesielle reglane i vesle Norge, seier teknisk sjef Kjell Magne Haugen i FSF.

– Vi har heller ingen garanti for at våre reglar gjev betre tryggleik enn dei som gjeld i resten av verda.

Ein halv milliard

Sjøfartsdirektør Rune Teisrud sat sjølv i «Sleipner»-kommisjonen før han tiltredde stillinga i august. Han meiner reiarlaga må klare å tilpasse seg dei nye reglane. Han finn det merkeleg at reiarlaga går ut slik etter all kritikken mot både utstyr og regelverk i kjølvatnet av «Sleipner».

— Vi er ute etter å trygge passasjerane som reiser til sjøs, og min filosofi er at redningsutstyret skal fungere, seier sjøfartsdirektør Rune Teisrud.

— Difor har vi særkrav, blant anna til testing i dårleg vær.

— Ingen produsentar kan levere dei systema eller testane de krev. Ville det ikkje vere rett å følgje internasjonal standard, og eventuelt heller påverke desse?

— Vi har hardare vêr langs vår kyst enn mange andre. Og eg meiner at reiarlaga må stille krav til produsentane, seier Teisrud

Spesielt har Sjøfartsdirektoratet kome med harde krav til uttesting av utstyr frå produsenten Selantic (no Viking). Reiarlaga hevdar dette i praksis inneber at nytt Selantic-utstyr må erstattast, både på båtar og på faste oljeinstallasjonar i Nordsjøen.

— Vi stiller særlege krav til Selantic, fordi det har vist seg ikkje å fungere, seier Teisrud. Ifølgje Rederienes Landsforening vil dei norske særkrava etter «Sleipner»-ulukka koste drygt ein halv milliard kroner på dei 60 båtane det gjeld.

— Dersom eit farty ikkje stettar krava våre, er det ikkje sjødyktig og må ut av trafikk, slår sjøfartsdirektør Rune Teisrud fast.

«FORTØRNA»: Fylkesbaatane sin «Solundir» og dei andre snøggbåtane har fått krav om redningsutstyr som i dag ikkje er på marknaden. FOTO: RUNE NIELSEN