I eit skriftleg spørsmål i Stortinget vil Lysbakken vita korleis stat og kommune hjelpa til med auka tryggleik for dei som bur i veglause grender når ferdselsåra deira vert blokkert, som når Åkrafjorden frys.

Ordførar Amund Enge i Etne har uttrykt uvisse om kommunen skal ta kostnaden med isbryting, og varsla prinsippdebatt i kommunestyret. Dette har Lysbakken reagert på.

— For dei fastbuande kjennest situasjonen utrygg. Dei meiner å ha krav på offentleg hjelp til å halda den einaste ferdsleåra til omverda open, seier han til Bergens Tidende.

— Har dei ein slik rett?

— Det er akkurat det eg vil at statsråden skal tenka over. Det er mange små grender. Til dei fleste er det bygt veg, heilt eller delvis kosta og vedlikehalden av storsamfunnet. På Eikemo har dei ikkje fått nokon veg, og spørsmålet er om storsamfunnet difor bør hjelpa dei med den ferdslevegen dei har, seier Lysbakken.

— Eg held fast på at dette må drøftast i kommunestyret. Kommunen sine plikter må klargjerast. Det er ikkje sett av pengar på budsjettet, og det må ikkje vera slik at ordføraren si magekjensle skal avgjera om det skal brytast råk eller ikkje, seier ordførar Amund Enge til Bergens Tidende.

— Dersom samferdsleministeren har pengar å setta inn, seier vi sjølvsagt ja takk, men eg er redd både fylke og kommunen må trø til, skal det bli ei ordning, seier ordføraren, basert på røynsle frå andre samanhengar.

— Bør Eikemo fråflyttast?

— Nei, her har folk greidd seg i generasjonar, og alt tyder på at dei greier seg framleis. Spørsmålet er kor store ressursar samfunnet skal spandera på seks fastbuande, om dei også i framtida kan leva med isolasjon når isen blir liggjande.