Ho meiner den unge alderen til offeret gir grunn for skjerpa straff. Dersom retten ikkje skulle finne prov for at jenta vart valdteken, vil Hordnes ha læraren dømt for å ha misbrukt stillinga si til å skaffe seg sex med eleven.

Sjølv nektar mannen for å ha gjort noko straffbart, og forsvarar Brynjar Meling la ned påstand om full frifinning.

Jenta forklarte i retten at klasseforstandaren hadde vore svært forelska i henne utover i skuleåret, noko også andre vitne fortalde om. I vekene før og like etter valdtekta gjekk det meir enn 500 tekstmeldingar mellom lærar og elev.

Siste skuledagen sommaren 2002 vart ho med han i bubilen hans, der valdtekta skal ha funne stad.

Det vart funne sæd på innsida av buksa jenta hadde på seg den dagen, og DNA-analyser viser at sædcellene kjem frå læraren. Sjølv har han stilt seg uforståande til korleis flekken hamna på buksa.