I si prosedyre la aktor, politiadvokat Bjørn Larsen, vekt på at valdsbruken var ekstremt grov, at den hadde karakter av mishandling og at den skjedde mot eit forsvarslaust menneske. Larsen la også vekt på at tiltalte også tidlegare er domfelt for vald mot ein eks-kjærast, og at mishandlinga denne gongen har fått omfattande konsekvensar for offeret.

– Dette har vore heilt på grensa til drapsforsøk, seier Larsen.

På toppen av kravet om fengeslestraff kjem det krav om erstattningar og oppreising i fleire hundre tusen kroners-klassen mot tiltalte.

Kvinna i 20-åra pådrog seg blant anna hjerneblødning, sår og kuttskader i mishandlinga, og ho fekk totalt hjartestans på sjukehuset kort tid etter.

I retten erkjente mannen i all hovudsak straffskuld for forholdet, og forsvarar Louis Anda meinte i si prosedyre at rimeleg straff bør ligge i området eitt år og to til fire månader.

– Den rettspraksis som aktor viste til, er frå grovare saker enn dette. Difor meiner eg at hans straffeforslag er for høgt, seier Anda.