I rettsaka som vart avslutta for Nordfjord tingrett onsdag, nekta mannen straffeskuld for alt bortsett frå ulovleg innførsle av seks hundre sigarettar.

Men aktor i saka, politiinspektør Sissel Kleiven, meiner at dei påståtte lovbrota er så grove at 31-åringen bør få ti månaders fengsel, og sone halvparten av tida med prøvetid.

— Dette er først og fremst ei narkotika-sak. Barnepornoen hadde isolert sett kvalifisert til bøtestraff, og blir meir som eit skjerpande moment i denne saka, seier Kleiven. - Vi snakkar om 29 bilder, som i denne samanhengen er nokså be-skjedent.

På same måte er også dei ulovlege våpena eit skjerpande omstende. Det er snakk om ei rekke ulovlege knivar, slosshandske, elektrosjokkpistol og kastestjerne. Men smuglinga av meir enn sju tusen narkotiske tablettar frå Thailand er ifølgje Kleiven ikkje nokon bagatell.

— Det er dette forholdet som er klart mest alvorleg, og det er også det ferskaste, seier Kleiven, som elles legg seg flat for forsvarets kritikk av at fleire punkt saka har tatt for lang tid før dei kom opp for retten.

Forsvarar, advokat Per Kjetil Stautland, opplyser at han i lang tid har prøvd å få fortgang i saka, blant anna gjennom ei lang rekke brev til politiet. Ifølgje Stautland har klienten fått dei tusenvis av smertestillande og roande tablettane frå lege i Thailand, og har brukt slike som medisin over fleire år.

Barnepornoen vart funnen på 31-årigens pc etter politiaksjon mot ein mann i Danmark, der vedkommande hadde ein mail med barnepono sendt frå 31-åringens maskin.

— Det viktigaste for han er å understreke at han ikkje er mistenkt for å aktivt å ha søkt etter barneporno. Det omstridde materialet har han fått uforvarande, mellom andre ting han har lasta ned fra nettet, seier Stautland. - Og det er berre snakk om å ha vidaresendt noko i eitt tilfelle.

Min klient seier dessutan at han ikkje har kjennskap til denne sendinga.

Dei mange våpna karakteriserer forsvararen mest som suvenirar klienten har hatt med seg heim frå reiser i mange land.