— Vi manglar framleis ein god del dokumentasjon frå bedrifta, seier Bjørn Bjørnstad som leiar seksjonen for produkt- og industrikontroll i tilsynsorganet.

SFT vil ha svar på kva avfall som har bidrege til at slammet blei danna. Dei ønskjer også at Vest Tank dokumenterer kva handtering avfallet som no er samla opp vil få, og kvar det vil bli sendt. I tillegg vil SFT også ha svar på om Vest Tank meiner det er behov for overvaking etter hendinga.

— Vi ber bedrifta gjere greie for kva dei tenkjer seg skal skje vidare, seier seksjonssjef Bjørnstad.

- Ikkje eksperiment

Bergens Tidende kunne i går fortelje at metoden Vest Tank brukte då det small i Sløvåg 24. mai, berre hadde vore prøvd i laboratorium tidlegare. Dette kjem fram i den førebelse rapporten om uhellet som Vest Tank har sendt styremaktene.

Det var mykje natronlut i avfallsstoffet i tanken. For å få skilt vatn ut frå oljehaldige stoff, og få redusert pH-verdien, blei det tilsett saltsyre. Gjennom denne prosessen meinte Vest Tank at mesteparten av avfallet ville bli så reint at det kunne reinsast vidare, og til slutt pumpast i sjøen.

Advokat Per Magne Kristiansen som representerer selskapet Vest Tank, reagerer på tittelen i gårsdagens Bergens Tidende, om at det var eit eksperiment som blei utført.

— Det er korrekt at det var første gongen Vest Tank brukte denne metoden, men prosessen var prøvd ut på førehand. Dette var ikkje eit tiltak der utfallet var uvisst, seier Kristiansen.

- Risikofylt prosess

Professor i kjemi ved Universitetet i Bergen, Jon Bolstad, sa til NRK Sogn og Fjordane i går at prosessen som blei sett i sving var svært risikofylt. Når natronlut får tilført saltsyre, utviklar det seg varme. Kjemikaliane vil utvide seg, og «ta volumet» i eit lukka system.

— Det kan gå skikkeleg gale, sa Songstad.

Til Bergens Tidende seier Songstad at å blande syre og natronlut er noko som vanlegvis ikkje blir gjort:

— Eg må ta det atterhald om at eg ikkje veit eksakt kva som var i tankane. Men dersom det er gått direkte frå laboratorium til tankane med denne prosessen, utan at det er gjennomført ein skikkeleg grundig pilot, då er eg skeptisk, seier kjemiprofessoren.

- Bedrifta må vite

SFT seier dei sjølvsagt har registrert at det var første gongen denne prosessen blei brukt i full skala, men er så langt varsame med å kritisere bedrifta.

— Vi ser det slik at dette er ein del av arbeidet ei slik verksemd må gjere. Dei treng ikkje søkje SFT om løyve til denne type tiltak for å handtere avfall frå gong til gong. Dei må sjølve vite at det dei driv på med er i orden, seier Bjørnstad.

— Men burde ikkje metoden vore betre utprøvd før den blei teken i bruk?

— No veit vi ikkje sikkert kva som var årsaka til eksplosjonen, og vi opplever dette som litt etterpåklokskap. Når bedrifta set i gang denne prosessen, skapar dei ein kjemisk reaksjon som dei må ha tenkt nøye gjennom på førehand. Men eg trur nok at dersom Vest Tank hadde rådført seg med oss, ville vi sagt at dette må bedrifta sjølv finne ut av.