Dette er eitt av krava som vart vedteke på den nasjonale strategikonferansen for lokalsjukehusa, tilskipa av LO i Odda og omland i helga.

Konferansedeltakarane frå Odda, Harstad, Narvik, Stokmarknes og Mosjøen er sikre på å få aksjonsnemnder for lokalsjukehus, organisasjonar og folkevalde organ over heile landet med seg i eit landsdekkjande nettverk for å slå ring om lokalsjukehusa. Ein landskonferanse i Oslo i slutten av mai, og dialog med stortingsrepresentantane står på arbeidsplanen.

Veljarkontrakt

Alle stortingsrepresentantar frå område med nedleggingstruga sjukehus får tilbod om å skriva under på ein veljarkontrakt der dei forpliktar seg til å arbeida for akutt— og fødeavdelingar minst på dagens nivå. Dei som vegrar seg, eller bryt kontrakten, kan ikkje rekna med attval.

Av Stortinget krev Odda-konferansen ein politisk garanti i løpet av vårsesjonen 2003 som innfrir kravet. Garantien må innehalda nye retningsliner til helseføretaka og nok pengar til å halda oppe, og helst styrka dagens tilbod ved sjukehusa.

Dei tilsette ved sjukehusa blir oppmoda om å fylja si lovpålagde plikt (Helsepersonell-lova) til å påpeika uforsvarlege tilhøve i helsetenesta, og forslag som trugar kvaliteten.

1. mai-tilskiparar over heile landet må setta lokalsjukehusa på dagsordenen.

Samspel

Ordskiftet om sjukehusstruktur må bryta med «enten-store-eller-små-sjukehus»-tenkinga, og framheva alternativet; eit godt samspel mellom dei store, sentrale sjukehusa og dei mindre lokalsjukehusa, meiner dei som var med på konferansen i Odda.

— Velfungerande lokalsjukehus dekker best dagleglivets sjukehusbehov både for kronikarar og for akutt sjuke og skadde, og gjev livsviktig stabilisering før vidare transport til dei høgt spesialiserte sjukehusa, heiter det i fråsegna frå konferansen.

Medan store sjukehus slit med overbelegg og lange ventelister, har mindre sjukehus ofte ledig kapasitet og rom for nye oppgåver.