– Det er berre fordi vi er eit kvinneyrke at kommunen kan halde på slik. Ikkje rart at det er vanskeleg å rekruttere menn, seier Lene Anett Tvedt.

Ho er hjelpepleiar i 60 prosent stilling på sjukeheimen Engensenteret i Bergen. Tvedt har lenge ønskt seg større stillingsbrøk, helst 80 prosent. Men sjølv om ho har åtte års erfaring frå yrket og har vore fire år på Engensenteret, har det ikkje vore mogeleg å få oppfylt ønsket.

– Då eg jobba på ein privat sjukeheim, fekk alle tilbod om full stilling. Kommunen vil helst ha folk i deltid, slik at dei kan få fleire som kan ta helgevakter, meiner ho.

Skuffa over Ap

Mykje deltidsarbeid blant kvinner er ei av årsakene til at menn tener meir enn kvinner. Inntektskløfta mellom kjønna er verst på Sør-Vestlandet, men også Hordaland skil seg negativt ut. Her tener kvinner i snitt 60,4 prosent av kva menn gjer.

– Å tette lønsgapet mellom menn og kvinner, blir ei kampsak for SV i nye regjeringsforhandlingar med Ap, seier nestleiar i SV, Audun Lysbakken.

Han er SV sin førstekandidat frå Hordaland, og seier partiet er skuffa over ei lunken haldning frå Ap til fleire framlegg som kan betre lønsvilkåra for kvinner. Eit av dei er å tvinge arbeidsgjevaren til å tilby heiltidsstillingar.

– Det er særleg kvinner som arbeider deltid. I dagens lovverk må dei sjølve krevje retten sin, og det kan vere vanskeleg. Vi vil snu ansvaret slik at det blir arbeidsgjevaren som vil opprette nye stillingar som får plikt til å dokumentere at det er behov for nye deltidsstillingar framfor å utvide stillingsbrøken for dei som alt er i deltidsstillingar, seier Lysbakken.

– Absurde stillingsbrøkar

Dei tilsette på Engensenteret fortel om stillingsbrøkar på både 19,68 prosent og 13,65 prosent.

– Vi veit at mange kvinner, ikkje minst i kommunane, har absurde stillingsbrøkar, gjerne berre ein liten del av ei stilling, seier Lysbakken.

SVs løysing er at arbeidsgjevaren må søkje dispensasjon, og at det blir Arbeidstilsynet som må vurdere slike søknader. Dette inneber at ein kan bli nekta dispensasjon. Det vil også føre til at terskelen for å innføre deltidsstillingar blir heva.

Organisering

– Mange arbeidsgjevarar argumenterer med at det gjev større fleksibilitet, og at det er mange arbeidstakarar som ønskjer deltidsstillingar. Korleis vurderer du det?

– Det stemmer nok, det. Men mykje handlar om organisering. Vi veit at ein ikkje ubetydeleg del av deltidsarbeidet er ufriviljug.

SV vil også krevje ein likelønspott i statlege lønsoppgjer.

– Likelønskommisjonen kom til at det ville koste tre milliardar. Vi vil ikkje binde oss til det talet. Men potten bør omfatta alle grupper arbeidstakarar og at pengane bli fordelt gjennom desentraliserte forhandlingar, seier SV-nestleiaren.

Lene Anett Tvedt har fire barn heime, og synest difor full stilling ville bli i meste laget. Det vil også SV gjere noko med.

– Ansvarsfordelinga for barn mellom menn og kvinner er ein viktig grunn til at kvinner arbeider deltid og i lågt løna yrke. Vi trur at tredeling av fødselspermisjonen vil ha ein positiv effekt. Difor vil vi gå inn for at permisjonen blir utvida frå 46 til 52 veker i løpet av fireårsperioden, seier Lysbakken.