— Bytt helikoptertype, krev ordførar Jan Utkilen i Fjell kommune.

Plagene byrja våren 2005 då oljeselskapa gjekk over til den nye helikoptertypen Sikorsky S-92 i tillegg til Super Puma- helikopteret.

Etter eit folkemøte i fjor prøvde helikopterselskapa å lage mindre støy ved å fly høgare med lågare fart og i andre trasear. Likevel er støyen ikkje til å leve med for sotrakommunane.

— No er det på tide å gå vidare til statlege styresmakter. Me har gjort vårt, seier Utkilen.

Ein SINTEF-rapport som vart lagt fram for ein månad sidan slår fast at helikopteret Sikorsky S-92 bråkar dobbelt så mykje som Super-Puma i ferda mellom oljeplattformene og Flesland. Den konklusjonen vil ordføraren i Fjell gå vidare med.

— I utviklinga av flytypar har ein fått seinka støynivået. Men her har ein utvikla helikopter som bråkar meir. Det er ei utvikling me ikkje kan akseptere, seier Utkilen.

Vil sende Sikorsky til Sola

Han vil leggje press på helikopterselskap, oljeselskap og konsesjonsgjevande styresmakter. Ordføraren har allereie forfatta eit brev til Statoil og Hydro med to krav:

  • Selskapa må ta omsyn til støyplaga når dei i neste anbodsrunde i 2008 skal vurdere helikoptertype for nordsjøtransport.
  • Helikoptera som lettar og landar på Flesland, må gå over tettbygde strøk på Sotra. Frå Sola går dei over sjø. Helikoptera må straks rokerast om slik at bruken av Sikorsky frå Flesland vert redusert.I kveld skal politikarane i komité for finans og forvaltning i Fjell ta stilling til dei to krava til oljeselskapa. I slutten av månaden vil kommunestyret seie sitt.

— Eg vert overraska dersom det ikkje vert samrøystes vedtak både i komiteen og kommunestyret, seier ordføraren.

- Ubehag over tolegrensa

Sjølv om Sikorsky bråkar dobbelt så mykje som Super Puma, slår SINTEF-rapporten fast at helikopterstøyen på Sotra ikkje er over tillate støynivå.

— Er det eit problem for dykk at helikoptertrafikken held seg innafor tillate støynivå?

— Sidan me ikkje kan nytte forureiningslova, vil me i staden bruke kommunehelselova i denne saka. Det er støy og vibrasjonar i hus som er over tolegrensa for mange, seier ordføraren.

Han tek sikte på å møte fylkesmannen i byrjinga av april for å klargjere korleis kommunane kan gå fram i møte med styresmaktene.

Ordførarkollega i Sund, Albrigt Sangolt sendte brev til samferdsledepartementet og miljøverndepartementet i haust. Han ventar framleis på svar frå statleg hald.

BRÅKMAKAR: Sjølv om Sikorsky-helikopteret bråkar dobbelt så mykje som Super Puma, slår SINTEF-rapporten fast at støyen ikkje er over tillate støynivå. Ordførar Jan Utkilen seier dei vil bruke kommunehelselova for å bli kvitt helikoptra over Sotra.