Det er Framstegspartiet som meiner dette. Eit framlegg frå partiet sine medlemer i Transportkomiteen vert behandla i Stortinget torsdag kveld, 26. februar.

Framlegget vert utan tvil avvist, eller «lagt til protokollen», som det og heiter.

– Men det er underleg at samferdsleministeren nett dagen før varsla at ho vil utvida denne støtta frå 15 til 30 år, seier Frps talsmann, Arne Sortevik, til bt.no.

Høgres Øyvind Halleraker, som også sit i Transportkomiteen, ser det på same måten. Halleraker er saksordførar for denne saka, men han høyrer til fleirtalet som ville venta på kva som kom frå regjeringa.

Og samferdsleminister Liv Signe Navarsete visste sjølvsagt om framlegget frå Framstegspartiet. I eit brev om saka til komiteen, datert 9. januar, skreiv statsråden at Stortinget ville få seg førelagt eit forslag om endringar i ordninga med ferjetilskot «så snart som mulig», — som altså viste seg å vera dagen før Frp-framlegget vart behandla i Stortinget.

**Les også:

Dobbelt statstilskot til Hordfast**

For smått

– Eg er sjølvsagt glad for at Senterpartiet her prøver å driva litt Frp-politikk, men dette er for smått. Staten må bidra med det han sparar på ferjedrift i minst 50 år. Då fyrst kan vi vera meir trygge på at slike prosjekt kan gjennomførast uten bompenger, sier Arne Sortevik.

Og gjer merksam på eit par andre punkt i forslaget som han og meiner er viktige:

  • at staten skal dekka alle finansieringskostnadene.
  • at den nye og utvida finansieringsordninga skal gjelda for alle riksvegar, også alle dei som frå og med 2010 vert fylkesvegar.

Bompengar til vedlikehald

Øyvind Halleraker er oppteken av eit anna element, som han meiner er viktig for Hordfast, det ferjefrie sambandet Bergen-Stord. Der vil innsparte ferjetilskot frå fire nedlagte amband over 30 år gje rundt rekna 1,2 milliardar kroner. Men statlege retningsliner seier at dersom vedlikehaldskostnadene på det nye veganlegget vert høgare enn det innsparte ferjetilskotet, så kan ferjetilskotet ikkje reknast inn i finansieringa av veganlegget.

– I Hordfast-rapporten frå 2007 er det gått ut frå at vedlikehaldskostnader vil overstiga ferjetilskotet, rekna over 15 år. Av den grunn har vi ikkje tatt ferjetilskotet med i vår skisse til finansering, seier Tom Knudsen, regiondirektør i NHO Hordaland, som hadde tinga rapporten.

– Men denne koblinga mellom ferjetilskot og vedlikehald betyr at trafikantane ofte eigentleg også betalar bompengar for vedlikehaldet, og kvar gjer dei det på Austlandet? spør Halleraker, som meiner dette er urettferdig.

Wang, Knut Egil