Ved den rådgjevande folkerøystinga om opplæringsmål ved Kyrkjekrinsen og Hordvik skular måndag, vart det hårfin siger til bokmålet. Éi røyst skilde ved Kyrkjekrinsen, fjorten røyster ved Hordvik.

I går sende tretti innbyggjarar i Midtbygda og Hordvik ein klage, stila til bydelsleiaren i Åsane. Dei krev at røystinga vert kjend ugyldig på grunn av formelle feil:

n Feil i manntalslistene . Ingen røysteføre som er fødde i 1985 fekk høve til å førehandsrøysta.

N Selektiv informasjon . Berre foreldre til elevane på dei to skulane fekk beskjed om at dei måtte ha med legitimasjon.

— Det er for dumt at spelereglane ikkje er blitt følgt, slik vallova seier. Særleg når resultatet er så likt. Sidan marginane er så små, kan feil i manntalslistene ha vore utslagsgjevande, seier Trond Mellingen.

Han er far til ein av elevane på Kyrkjekrinsen skule, og ein av dei som har skrive under på klagen.

— Vi veit om fleire personar fødde i 1985 som ikkje fekk førehandsrøysta, fordi dei ikkje stod i manntalslistene. Og om røysteføre som ikkje fekk stemme på valdagen, fordi dei ikkje hadde legitimasjon - sjølv om dei hadde kjenningar i vallokalet, fortel han til BT.

Klagarane meiner derfor at politikarane har eit altfor tynt grunnlag til å ta stilling til om dei skal endre opplæringsmålet ved skulane eller ikkje, og at røystinga må kjennast ugyldig.

— Vil de ha ny folkerøysting?

— Dét har vi ikkje sagt noko om, det må vere opp til andre å avgjere.

Kopi av klagen er sendt til Fylkesmannen i Hordaland og Kommunal- og regionaldepartementet.