EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bt.no

I dag er det mest vanleg at barneporno-saker på nettet endar med eit forelegg — fengsel utan vilkår tilhøyrer unntaka. Dette vil riksadvokat Tor-Aksel Busch (bildet) ha ei forandring på.

"Det er riksadvokatens oppfatning at omfattende spredning av barnepornografi over internett, og som representerer en fortsatt og varig krenking av barnet, (.) må møtes med en påstand om ubetinget fengselsstraff", skriv riksadvokaten i eit brev til Økokrim. Sist måndag vart det klare signalet sendt vidare ut til samtlege politidistrikt, gjennom eit brev frå datakrim-teamet i Økokrim. Innskjerpinga skjer etter at eit internett-prosjekt i Økokrim og Kripos som nettopp er avslutta.

Tilbyr betre hjelp Økokrim set no inn større ressursar for å styrke etterforskinga av barnepornosaker.Dei tilbyr politidistrikta meir hjelp til å gjennomføre grundige analysar av beslaglagt datautstyr og biletmateriale.Målet er å avdekke kvar bileta kjem frå, kor mange bilete og offer det er snakk om, korleis materialet først hamna på internett og om den mistenkte har bidratt til vidare spreiing.Dette skal i sin tur gje påtalemakta betre kort på handa når dei skal krevje strengare straffer enn tidlegare.

- Bør utnytte strafferamma Strafferamma for å ha og spreie barneporno på nettet er to års fengsel.

— Eg kjenner ingen saker der vi har vore nær ei så streng straff - trass i at vi har hatt fleire beslag som har vore så store at maksimumsstraffa kunne vore brukt. Altfor ofte endar sakene med eit forelegg, seier førstestatsadvokat Inger Marie Sunde, leiar for datakrim-teamet i Økokrim.

Sunde meiner politiet ofte reknar sakene for oppklara i det det blir funne barneporno på gjerningsmannens datamaskin. Det har ikkje vore vanleg å gå djupt inn i materien - for eksempel for å undersøkje om gjerningsmannen har vidaresendt materialet.

- Livsvarig krenking - For straffeutmålinga er mengda og grovheita avgjerande. Difor vil vi styrke etterforskinga, seier Sunde, som gjekk igjennom dei nye retningslinjene med riksadvokat Busch og leiinga i Kripos og Økokrim i eit møte tidlegare denne månaden.

Sunde meiner det er gode grunnar for å dømme gjerningsmennene til fengsel utan vilkår.

— Eit barneporno-bilete på internett er umogleg å få fjerna for godt, fordi bileta blir lasta ned på maskiner over heile verda. Dermed snakkar vi om ei livsvarig krenking av offeret, seier Sunde.

Ho peikar også på at omfanget i mange saker er enormt stort, med enkeltbeslag på fleire hundre tusen ulovlege bilete.- Omfanget av sakene er uendeleg mykje større enn nokon tenkte seg den gongen strafferamma vart lagt, seier Sunde.