OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noHalvparten av straffa bør vera på vilkår, resten må sonast, meiner Vestly.Kristensens forsvarar, advokat Morten Kjensli la i Sunnhordland heradsrett ned påstand om full frifinning. Kjensli viste til at Kristensens ekskone tok med seg parets to barn ulovleg ut av Noreg, og hevdar at Kristensen gjenoppretta ein lovleg situasjon ved å henta ungane i Danmark. Etter lang tids sivilrettsleg dragkamp om foreldre— og samværerett for dei to ungane, henta Per Kristensen borna utanfor ekskona sin nye heim i Danmark 13. august 1999 og gjekk under jorda med dei ulike stader i Sør-Noreg i fire månader. Bortføringa gjorde at 46-åringen blei tiltalt etter straf-felova sin paragraf 216.Aktor Sturla Vestly, politiadjutant ved Hordaland politidistrikt, grunngav i går sin straffepåstand med at Per Kristensen ulovleg tok saka i eigne hender då han henta ungane frå Danmark. Gjennom sjølvtekta tiltvinga Kristensen seg den daglege omsorga for borna, som var i strid med gjeldande, sivilrettslege dom frå 1996. Dermed gjekk han lengre enn samværeretten han var tilkjent i samme dom, poengterte Vestly.Saka går til doms i heradsretten.