— Når dei sa nei til helikopterplanane, får vi tru dei seier ja til noko anna. Vi er mange som kjenner det slik at storsamfunnet handsama oss urettferdig i den saka, seier John Molland i rassikringsnemnda.

I ti år arbeidde bygdelaget på Veitastrond med å få i gang drift av ein restaurant på fjelltoppen Kalda-Kari. Turistar med feite lommebøker skulle flygast til topps med helikopter. Problemet var at dei måtte ha landingsplass og løyve, og at fjelltoppen ligg innanfor grensene til nasjonalparkområdet rundt Jostedalsbreen. Turistprosjektet i Sogn blei fort ei omstridd miljøsak som vandra fram og tilbake i byråkratiet.

Då Luftfartsverket gav landingsløyve, såg det ut til at planane kunne realiserast. Men etter fire dagar som miljøvernminister i haust sette Helen Bjørnøy foten ned. Avslaget er endeleg, og bygdelaget har gitt opp kampen.

— Vi var mange som håpa Kalda-Kari-prosjektet bokstavleg tala skulle gje bygda eit løft. Optimisme er no snudd til pessimisme, meiner rassikringsnemnda.

— Storsamfunnet tok frå oss eit løyve vi hadde fått. Det var ei reint politisk avgjerd. Då syns eg ikkje det er meir enn rett og rimeleg at vi får kompensasjon, seier Molland.