BT skreiv torsdag om at helseverngodkjenninga til Haukedalen skule er trukke grunna dårleg luftkvalitet.

Etat for Helsetenester har gitt skulen frist til 1. september i år med å gjennomføre strakstiltak for å få bukt med dei mest alvorlege forholda. For å starte opp att i haust, må skulen:

  • Redusere CO2-verdiane i to rom på Hovudbygget, og eitt rom på Skinstø, samt dokumentere at luftskiftet er tilfredsstillande
  • Rette opp i umiddelbare vedlikehaldsbehov, mellom anna vassinntrenging, fuktskader og skifte av belysning
  • Dokumentere gjennom målingar at samtlige undervisningsrom har tilfredstillande luftskifte
  • Skifte ut omnar med for høg overflatetemperatur, som utgjer ein umiddelbar helserisiko

Handlingsplan

Etaten pålegg også skulen å gjennomføre meir langsiktige tiltak. Haukedalen skule må innan årskiftet utføre reingjering av ventilasjonsanlegget.

I tillegg må dei utarbeide ein handlingsplan for utbetring av bygningsmassen på Skinstø og Hovudbygget. Planen må opp i bystyret før den kan godkjennast endeleg.

Vidare må skulen utarbeide eit fungerande internkontroll for helsevern, som i dag manglar.

Tredoble verdiar

I tre av rommene kor det har blitt gjort tilsyn, er det registrert særs høge CO2-verdiar, høvesvis 3400, 2400 og 1400 ppm. Makstaket for å få godkjenning er på 1000 ppm. Dei to rommene med verst luftkvalitet er begge lokalisert på Hovudbygget på Haukedalen. Rapporten utelatar ikkje at dette også kan gjelde andre rom.

«Da det er målt svært høye verdier i tre undervisningsrom, kan man forvente at luftskiftet vil være dårlig i flere», står det.

— Ikkje blitt informert

I rapporten frå etat for helsetenester står det følgande: «Rektor ved Haukedalen skole er ansvarlig for at elever og foresatte får informasjon om forhold ved skolen som kan virke negativt på helsen». Foreldre BT har vore i kontakt med meinar rektor Truls Larsen ved skulane har utelatt å informere om dei dårlege helseforholda.

— Vi har ikkje blitt informert om de skyhøge konsentrasjonene av CO2, og det har ikkje foreldrene til barna i det klasserommene heller. Vi er svært uvitande om heile situasjonen, seier Birthe Mathiesen, som er forelder ved skulen.

STRAKSTILTAK: Både Haukedalen og Skinstø skule må gjennomføre strakstiltak.
Helge Sunde