33-åringen var tilsett i Sparebanken Flora-Bremanger i Florø da han ifølgje politiet handla aksjar for millionbeløp utan fullmakter.

Det samla overtrekket kom – stadig ifølgje tiltalen – på meir enn 8,1 millionar kroner. Med renter er erstatningskrava mot mannen over ti millionar kroner.

«Fantasibeløp»

Straffesaka startar i Fjordane tingrett i morgon, og tiltalen på grovt utruskap har ei øvre strafferamme på seks års fensel.

Forutan straffepåstanden kjem aktor, politiadvokat Terje Gjertsen, til å legge ned to krav om erstatning: Eitt frå sparebanken, og eitt frå kvinna som bankfunksjonæren handla aksjar på vegne av. Kvart av krava er på omkring fem millionar kroner.

– Påtalemakta opererer med fantasibeløp i denne saka. Min klient kjem ikkje til å erkjenne straffeskuld i det heile, seier forsvararen hans, advokat Knut Harald Braathen.

Den påståtte utruskapen skjedde i perioden 2000 til 2002, da tiltalte skal ha gått langt ut over sine fullmakter. Dette skjedde ved at han la inn dekningsmeldingar på kunden sin konto, slik at han stadig kunne handle i kundens namn – til saman 8.108.565 kroner.

– Banken skusla vekk

Det andre punktet i tiltalen går på at mannen også har handla mot kundens instruksar.

Med renter er erstatningskrava mot mannen no oppe i mellom ni og elleve millionar kroner.

– Da saka vart oppdaga, var det store verdiar i den aktuelle aksjeportefølgjen. At banken i ettertid har skusla vekk mesteparten av desse verdiane, kan ikkje min klient lastast for, seier forsvarar Braathen.

Han er dessutan svært kritisk til det han kallar «bankens totale mangel på effektive kontrollrutiner».

– Hadde ikkje banken somla slik med den aksjeporteføljen min klient etterlet seg, ville tapet blitt heilt minimalt, meiner forsvararen.

– I denne saka verkar det som mykje har gått gale i bankens handtering av dei verdiane som låg i aksjane.

Handla Opticom

Saka vart avslørt januar 2002, etter at tiltalte skal ha drive svært så hektisk handel med Opticom-aksjar den siste månaden. På dette tidspunktet var kunden som eigde kontoen på ferie i utlandet.

Samtidig gjekk Sparebanken Flora-Bremanger inn i ein tung periode, som enda med at dei vart ein del av Sparebanken Sogn og Fjordane – som no fremmar erstatningskravet mot tiltalte.

Både tiltaltes forsvarar og den fornærma aksjeeigaren meiner at banken kunne ha avgrensa tapet ved å realisere aksjane medan dei enno stod høgt i kurs.

Ein stor del av porteføljen var Opticom-aksjar, som stod langt høgre i januar 2002 enn då banken omsider realiserte dei.

– Min klient har inngått forlik med banken om dette. Det var tre partar inne i bildet her, og derfor har dette blitt ei komplisert sak, seier advokat Egil Jarslett, som representerer kvinna som var kunde i Sparebanken Flora-Bremanger.