Dei folkevalde i sognekommunen meiner avgjerda om å kutte i Lærdalsortopedien er eit direkte brot på innhaldet i Soria Moria-erklæringa.

Kommunestyret meiner også det er meiningslaust å gjere eit slikt vedtak rett før den nye nasjonale helseplanen skal opp i Stortinget.

Denne helseplanane skal mellom anna ta føre seg korleis lokalsjukehusa skal sjå ut i framtida.

I ei uvanleg sterk fråsegn frå det ekstraordinære kommunestyremøtet i Lærdal i går kveld, går det fram at lokalpolitikarane fryktar nedlegginga av ortopediklinikken kan bli dødsstøyten for sjukehuset:

— Det er berre eit tidsspørsmål før ein heil region må klare seg utan akutthjelp.

Lærdal kommunestyre står fast på at vedtaket er ein forvaltningsskandale.

Avgjerda blei fatt av styret i Helse Førde i ferietida, utan noko form for konsekvensutgreiing.

— Det framgår direkte av saksutgreiinga av vedtaket berre skal konsekvensutgreiast i ettertid. Det er på ingen måte utgreidd om Det er på ingen måte utgreidd om Helse Førde faktisk sparar pengar på nedlegginga. Tvert om er det mykje som tyder på at nedlegginga kan gje meirkostnader.

Øystein Torheim