Per Rønnevig i stiftinga «Skoleskipet Christian Radich» har fått styreformann William K. Sadleir i «Sea Trek 2001» til å sjå raudt. Rønnevig trugar «Sea Trek 2001» med søksmål fordi han, «Statsraad Lehmkuhl» og «Sørlandet» ennå ikkje har fått oppgjer for ein planlagt tur over Atlanteren til New York.

— Vi skal skaffe pengane innan førstkommande laurdag, seier Sadleir til Bergens Tidende på telefon frå Las Palmas. Etter planen skal både «Christian Radich» og «Statsraad Lehmkuhl» gå med kurs for Bermuda og deretter New York laurdag. Men han stiller eitt vilkår for å bla opp. - Herr Rønnevig må gå ut offentleg og beklage at han har truga oss med rettssak. Rønnevig har laga store problem for oss, sponsorar har trekt seg på grunn av dei håplause tinga han har sagt, seier Sadleir.

I staben til Reagan

Dersom Rønnevig faktisk går til søksmål, lovar Sadleir å svare med same mynt.

— Eg skal love at eg vil dra han for retten og kjempe mot han år ut og år inn. Han skal i så fall få svare for den tåpelege oppførselen sin, seier ein sint Sadleir.

Sea Trek 2001 er ein stort anlagt seglas til minne om dei første innvandrarane til USA, og har eit stort innslag av mormonarar. Åtte seglskip var i utganspunktet involvert i opplegget, som har eit budsjett på 6,3 millionar dollar. Sadleir arbeidde i si tid i staben til president Ronald Reagan, der han var ansvarleg for presidentens timeplan og reiser.

— Eg har personleg donert to milllionar dollar til denne turen, og skal skaffe resten også, seier Sadleir, som framhevar at han mektige og rike kontaktar i USA.

Skuldar ti millionar kroner

Sadleir skuldar dei norske skuleskipa om lag 10 millionar kroner. Han forklarer pengeproblema med at dei har fått mange avbsetillingar - blant anna fordi dei norske båtane på eige initiativ har seld billege returreiser frå New York.

— Vi har betalt for båtane både fram og tilbake. Mange av våre deltakarar avbestilte når dei såg at returen var så mykje rimelegare enn turen til New York, seier Sadleir.

Per Rønnevig tek utblåsinga frå Sadleir med fatning. - No vil vi ha handling og pengar, ikkje meir preik. Dersom eg har sagt noko gale, kan eg gjerne be om orsaking. Men vi må ha pengane no, elles får vi store økonomiske vanskar, seier Rønnevig.