• Fleire saker viser at det er ein ukultur i Vegdirektoratet. Det betyr at den nye vegdirektøren må hentast utanfrå, ikkje rekrutterast internt.

Dette seier stortingsrepresentant Arne Sortevik (Frp) Hordaland.

Før helga tok han imot svar frå samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) på spørsmål om dårlege rutinar i Vegdirektoratet.

— Slår mot statsråden

Sortevik stilte spørsmål etter at Vegdirektoratet for tredje gong på kort tid har fått påtale frå Sivilombodsmannen for kritikkverdig praksis når det gjeld journalføring av dokument.

I desember i fjor lova Navarsete å følgje opp saka overfor Vegdirektoratet etter at ombodsmannen førre gong retta kritikk mot direktoratet.

— Den nye saka viser at forholda ikkje er betra. Dette slår tilbake på statsråden som er øvste ansvarlege for denne etaten, seier Sortevik.

— Regjeringa har sagt at ho går inn for å følgje ei meiroffentleg line. Då er det rart med ein etat som praktiserer det motsette, legg han til.

Samferdsledepartementet vil ikkje kommentere saka.

«Gjennomsyra»

Sortevik meiner heile vegetaten er gjennomsyra av ei haldning som går ut på å gje minst mogeleg innsyn.

— Det gjeld både i fasen før viktige utbyggingsavgjerder blir fatta, men også i fasen etter at vedtak er gjort i Stortinget. Det er eit byråkratisk småkongevelde som held kraftig igjen og som ikkje vil gje innsyn. Det verkar som det er om å gjere å hindre innsyn både når det gjeld kostnadssida og prosjekteringsarbeid. I neste omgang blir det gjort forsøk på å dekke over eller feie under teppet når det blir sett i verk utgreiingsarbeid etter at utbyggingsvedtak er gjort. Dette gjeld utgreiing av spørsmål som det tidlegare er opplyst er ferdig utgreidd, seier Sortevik

— Utan at vi vil stanse Hardangerbru-prosjektet, er det grunn til å trekkje fram dette prosjektet som døme på den haldninga eg siktar til: både kostnadsoverslag og prosjekteringsarbeidet ser ut til å vere mangelfullt, seier Sortevik.

Vurderer ny klage

Det er Norges Miljøvernforbund med saksansvarleg Per Nordø som har avdekkja og vore pådrivar i klagesakene mot Vegdirektoratet til Sivilombodsmannen.

Nordø opplyser til Bergens Tidende at han nyleg har kome over fleire tilfelle der Vegdirektoratet har venta lenge med å journalføre dokument.

— Det verkar som om det særleg i dei konfliktfylte sakene på Vestlandet skjer ei trenering av journalføring. Det er vanskeleg å oppfatte dette annleis enn at ein ikkje ynskjer å bli kikka i korta før alt er avgjort, seier Nordø.

Nordø opplyser at Miljøvernforbundet nå vurderer å fremje ein ny klage mot Vegdirektoratet.

Pressesjef Kjell Bjørn Vinje i Vegdirektoratet seier for sin del at direktoratet freistar å etterleve god forvaltningsskikk.

Han meiner direktoratet har klare og gode retningsliner for journalføring. Samstundes vedgår han at det av og til har skjedd «ein glipp» ved manglande journalføring. Det gjeld særleg dokument som er sendt via e-post.

VIL HA OPPVASK: Arne Sortevik.
Bergens Tidende