Det meiner leier i Miljøvernforbundet, Kurt Oddekalv.

Oddekalv meiner kunnskapen om at vill aure i elvane er den sannsynlege smitte-kjelda for det dødlege lakse-viruset ILA — slik Bergens Tidende skreiv i går - vil tvinge fram ei flytting av oppdrettsanlegg som ligg inne i fjordane og i nærleiken av elvane.

— Det vil vere ein naturleg konklusjon, seier Oddekalv.

Han er motstandar av å tillate vaksinering mot ILA, slik oppdrettsnæringa ynskjer. Grunnen er at han meiner forskninga på biverknadane er mangefull og at fisken difor kan blir påført lidingar på grunn av vaksinen.

Oppdrettsnæring har tidlegare i år fått gjennomslag for at dei fleste oppdrettsanlegga i fjordane kan få bli, trass i at det såkalla vill-laksutvalet foreslo ei omfattende utflytting frå fjordane for å verne villaksen mot genetisk utvatning og sjukdomsmitte frå oppdrettslaksen.

Forskning ved Universitetet i Bergen konkludere med at ILA-viruset finnes i ein «snill» variant hos vill aure i elvane. Auren er smittekjelda, og når viruset kjem over på oppdrettslaksen, som står tett i tett i mærane, forandrar arveeigenskapane seg (muterer) slik at viruset vert sjukdomsframkallande og enda meir smittsamt.

— Naturen slår tilbake, seier Oddekalv, som meiner oppdrettsnæringa får som fortent.