Etter at staten tok over drifta av sjukehusa ved årsskiftet, eksisterer det ingen reglar på om styremøta for sjukehusa skal gå for opne eller stengde dører. Resultatet har blitt at dei fem helseregionane har valt høgst ulik praksis. I Helse Vest går styremøta bak stengde dører.

Dette vil årsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti ha slutt på. Dei meiner helsereforma framstår utan politisk påverknad.

— Slik helsereforma har utvikla seg, er det berre helseministeren som kan instruere styreleiarane. Helsereforma er i praksis fri for demokratiske prosessar helt til topps. Styreleiarane og styret er suverene i sine vedtak. Dette er ikkje i tråd med eit demokratisk samfunn, meiner partiet.

Mellom dei som tala varmt for fråsegna på helgas fylkesårsmøte var partiets stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Reidar Sandal. Han fekk overveldande støtte, men ikkje frå Kjell Opseth. Opseth, som er nestleiar i styret for Helse Førde argumenterte for ordninga med lukka styremøte.

I fråsegna frå fylkesårsmøtet blir partiet på nasjonalt hald oppmoda om å arbeide for at det vert mest mogleg openheit kring helsepolitiske spørsmål og avgjerder.