– Folk vert forbanna og frustrert, seier hovudtillitsvald Karstein Moldøen i Industri Energi (IE).

Bakgrunnen for reaksjonane er at tidlegare tilsette, som i fjor takka ja til sluttpakke med 70 prosent løn i StatoilHydro Mongstad, no er i arbeid inne på området att med full løn.

Slik fagforeiningane ser det er dette stikk i strid med det StatoilHydro Mongstad i fjor sa var vilkåret for å få sluttpakke.

Attende på Mongstad

Ifølgje Moldøen og kollega Jan-Eirik Feste i Safe, den andre store fagforeininga hos StatoilHydro Mongstad, har dei tidlegare tilsette fått arbeid hos Dong, selskapet som byggjer og skal drive varmekraftverket på Mongstad.

Vi står att og føler oss ganske dumme.

Den jobben inneber at dei delvis arbeider innanfor portane til StatoilHydro Mongstad.

– Bedrifta har ført oss bak lyset, seier Feste.

Krev nytt tilbod

Feste seier fagforeiningane nøye på å få presisert vilkåra for å ta sluttpakke. At det ikkje var råd å ta arbeid som innebar jobbing inne på området til StatoilHydro Mongstad gjorde at folk som elles ville tatt sluttpakke takka nei. Andre, som tok sluttpakke, har late vere å søkje nye jobbar.

– Vi står att og føler oss ganske dumme, seier Moldøen om stemninga hos fagforeiningsleiarane.

Dersom det skal vere lov å vende attende til StatoilHydro Mongstad som tilsett i eit anna selskap, meiner Safe-leiar Jan-Eirik Feste at tilbodet om førtidspensjon må leggjast fram på nytt.

– Då har Statoil brote sine eige reglar, og då må vi køyre løpet om igjen, seier Feste.

94 takka ja

Informasjonsleiar Jon Halstein Tjore ved StatoilHydro Mongstad stadfestar at fagforeiningane har reagert etter at tidlegare tilsette har dukka opp på jobb innanfor selskapet sitt området. Saka er diskutert i leiinga, men det er ikkje trekt nokon konklusjonar, ifølgje Tjore.

131 personar over 58 år hadde høve til å takke ja til sluttpakke med 70 prosent løn frå StatoilHydro Mongstad i fjor. 94 takka ja, seier Tjore. 50 av dei som tok sluttpakke slutta 1. april i år. Den siste som tok sluttpakke vil forlate StatoilHydro Mongstad ved årsskiftet.

Gullkanta tilbod

Då Statoil og olje— og gassverksemda i Hydro vart slått saman fekk alle tilsette over 58 år tilbod om å gå av og behalde 70 prosent av løna fram til pensjonsalderen. Tilbodet vart offentleggjort i mars 2007 og vart rekna som oppsiktvekkande godt.

Målet var å redusert talet på tilsette med 2400, utan å måtte ty til oppseiingar.

Dei som ville ta sluttpakken stod fritt til å ta anna arbeid, utan å få avkorta utbetalinga frå StatoilHydro. Då tilbodet kom var oljeprisen på veg opp og etterspørselen etter oljefolk stor. Dei som tok sluttpakke hadde god sjanse til å få full jobb og kunne rekne med om lag dobbel inntekt fram til pensjonsalderen.

Alder var inga hindring, tvert i mot.

– Eg trur nok at dei på 58 må vere å sjå på som særs attraktive. Det er dei som verkeleg har erfaring. Det er ein fordel. Historikken er utruleg viktig når ein skal løyse utfordringar for framtida, sa daglege leiar Trond Olsen i NCE Subsea, ein organisasjon for ei rekkje undervassteknologibedrifter i oljebransjen då tilbodet vart kjent.