HILDE HEIAN hilde.heian@bt.no

— Mange takk. Eg er heilt enig. Som språksamfunn er vi såpass utsett at dette er ein viktig dimensjon, sa IT-ministeren mellom anna då ho kommenterte krava som også fem hundre rektorar har skrive under på. Kor mykje det vil koste å innføre nynorskversjonar av dataprogram, kunne ingen av dei som var til stades på pressekonferansen i Bergen i går ettermiddag svare på.- Når det går an på Island med 250.000 innbyggarar å få programvare på islandsk, må det kunne late seg gjere å få dataprogram på nynorsk her i landet, presiserte stortingsrepresentant Rita Tveiten.Ordførarane ber regjeringa om å innføre endringar i innkjøpslova, slik at programvare som skal kjøpast inn av det offentlege, må finnast på begge målføre. I dag eksisterer det nesten ikkje administrativ programvare på nynorsk.