— Viss me lærte nynorsk på skulen, ville det vore nærare språket dei snakkar på gata her. Vossamål, seier Iyassu Tesfagabre. Han får norskopplæring på bokmål i nynorskkommunen.

— Lærarane er veldig, veldig bra. Dei hjelper meg å forstå Vossamål. Eg føretrekkjer nynorsk, men det er viktig å læra bokmål òg sidan det er eit landsomfattande språk, seier Tesfagabre.

Han kjem frå Eritrea, men har budd på Voss i to år.

- «Skjønner ikke»

Femti ordførarar, hovudsakleg frå Vestlandet, har skrive under oppropet «Stø kravet om nynorsk undervisningsmateriell i alle fag til framandspråklege». Initiativet kom frå Anne Margrethe Eidhammer, lærar og mållagsleiar i Vindafjord kommune i Rogaland. Ho har vidaresendt oppropet til Kunnskapsdepartementet.

— Fleire har kontakta meg og etterspurt nynorsk opplæring. «Jeg skjønner ikke hva de sier», sa ei russisk dame til meg i Ølen nyleg. Dei har problem med å skjøna dialekten og å hjelpa borna med skulearbeidet, fordi dei berre får bokmålsopplæring, seier ho.

Eidhammer meiner det mest ikkje er nynorske læremiddel å oppdriva, og ønskjer at Kunnskapsdepartementet løyver meir pengar til forlaga, slik at dei kan gi ut bøker på begge målformer.

- Løner seg ikkje

Forlaget Cappelen Damm tilbyr i dag to lærebøker for framandspråklege i nynorsk utgåve. Dei har eit samla sal på mellom femti og hundre eksemplar i året, ifølgje redaksjonssjef Kirsten B. Aadahl.

— Me kan ikkje laga undervisningsmateriell som det ikkje er noko sal på, seier ho.

Produksjonskostnadene på ei lærebok kan fort nærma seg ein million kroner, og nynorskbøkene måtte blitt produsert med tap. Det finst veldig lite midlar som er øyremerkte til det. Me er avhengig av støtte for å få produsert nynorskbøker, fortel redaksjonssjefen.

Aktuell problematikk

Ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik i Voss kommune er blant dei som har skrive under oppropet.

— Vossamål er nynorsk. Skal dei bu på Voss, må dei få opplæring i språket, seier ho.

Manglande nynorskopplæring har vore eit aktuelt tema i kommunen. Frå 2003 til 2006 blei eit digitalt læreverk i nynorsk nytta i opplæringa, men det var ikkje nok til å basera undervisninga på, ifølgje rektor for vaksenopplæringa i kommunen, Odrun Vevatne.

Stord kommune driv også opplæring med bokmålsbøker. Kommunen som blei kåra til «Årets nynorskkommune 2009» sper på med ei eiga ordliste med uttrykk på stordamål.

— Dei spør ofte om slike ord. Det går i «kim» og «kor» og liknande. Norske dialektar er eit problem i seg sjølv, for det munnlege er så ulikt både bokmål og nynorsk, meiner leiar Torger Tvedten ved vaksenopplæringa.

Arne Hofseth