Det er ventetid for Kjersti Nygård Vie (27). Ho er gravid med sitt andre barn, og terminen er 21. november. Vie bur på Frekhaug i Meland kommune. Køyreturen til Kvinneklinikken i Bergen (KK) tek 45 minutt.

— Når det ikkje trafikk, legg ho til.

Vie vart uroleg, då ho las i «Strilen» at den interkommunale jordmorvakta kan bli offer for sparekniven i Meland. Samarbeidet om jordmorvaktordning i Nordhordland kan ryke frå nyttår.

Derfor har Vie oppretta Facebook-gruppa «Redd jordmorvakten i Nordhordland», som no har 565 medlemmer.

— Eg gjorde det mest for å gjere folk merksame på kva vi er i ferd med å miste. Det er viktig å engasjere seg.

— Ikkje nok jordmødrer

Fagfolk i kommunar med lang reisetid til KK er skeptiske til at kvinner i framtida kan reise heim fire timar etter fødselen. Motviljen skuldast at det er langt mellom jordmødrene i kommunehelsetenesta.- Å sende friske mødrer og nyfødde barn heim få timar etter fødselen kan absolutt vere ei god løysing i land med godt utbygd jordmorteneste. Men det har ikkje Norge, seier Anne Marit Erstad.

Ho er kommunejordmor i halv stilling i Meland. Kommunen har nær 6700 innbyggjarar.

  • Skal barselkvinner og nyfødde barn kome heim få timar etter fødselen, må først jordmortenesta oppjusterast, slik at vi kan ta oss av dei. Elles blir det feil.

I Modalen, inst i Osterfjorden, har folk lang veg til sjukehus. Også kommunelege Frøydis Gullbrå er skeptisk til forslaget om rask retur.

— For oss er ikkje dette eit godt varsel.

  • To-tre dagar ideelt

Modalen, landets nest minste kommune målt i innbyggjartal, har mellom fire til åtte fødslar i året. Kommunen har ikkje eiga jordmor, men avtale med jordmortenesta i Lindås. Barselkvinner i Modalen får ikkje jordmor heim.

— Di lenger det er til sjukehus og legevakt, dess meir bekymringsfullt er det i forhold til komplikasjonar som kan oppstå etter fødselen, seier Gullbrå.

  • Kor lenge meiner du at barselkvinner frå Modalen bør bli på sjukehuset før dei reiser heim?
  • For fleirgongsfødande med ukompliserte fødslar er det ideelle to til tre dagar, slik det har vore. Å få amminga i gang først er viktig.

Krev lovpålagt jordmortilbod

Masfjorden, åtte mil frå Bergen, er ein av dei nordlegaste kommunane i Helse Bergen. I utgangspunktet er fastlege og kommuneoverlege Rolf Tande positiv til at friske barselkvinner og nyfødde barn kjem raskt heim igjen.

— Vi er klare til å overta, seier Tande.

Men:

— Skal kommunane ta hand om dette, må vi først ha midlar og kompetanse. Vi for vår del har jordmor berre ein gong i veka.

I tillegg er Masfjorden med i den interkommunale jordmorvaktordninga i Nordhordland. Men Tande fryktar at samarbeidet raknar, dersom ein eller fleire kommunar trekkjer seg ut.

— No forventar vi eit handslag frå statlege styresmakter. Kommunal jordmorteneste må bli lovpålagt, slik at ordninga blir sikra finansielt, seier legen.

  • Tilbodet må opp på eit nivå som tilfredsstiller forventningane til spesialisthelsetenesta, slik at ikkje barna og mødrene i dette tilfellet blir taparane.

Er jordmortjenesten godt nok utbygd i Norge? Diskuter i kommentarfeltet under.

Sean Meling Murray