TERJE ULVEDAL

Grunnstøytingane skjedde klokka 08.45, på den andre turen for dagen frå Solund til fastlandet. «Fjalir» skulle innom øya Losna, og var i ferd med å slakke ned farten då ein alarm gjekk. Like etter merka passasjerane som sat nede i salongen at ferja støytte mot noko.

— Det var ein dunk som var annleis enn den som kjem når ferja legg til kai. Støtet var litt hardare. Ein av dei som sat ved same bordet som meg sa: «Der gjekk vi på land», fortel Marit Utvær.

På grunn ved flytebryggje

Ferja gjekk på grunn kring 100 meter frå ferjekaien på Losna, like ved ei flytebryggje. Det var roleg sjø og lite vind i området. Ingen blei skadde.

— Det var lite dramatikk. Eg sat i bilen og åt frukost, og merka ikkje at det var noko unormalt, fortel Evy Skogen.

Ein annan av passasjerane, Finn Hugøy, fortel at kapteinen greidde å snu ferja, slik at ho tok land med sida først. Dette gjorde grunnstøytinga «mjukare».

Ferja «Svanøy», som går i sambandet Lavik-Oppedal på E39, gjekk til Solund for å dra «Fjalir» av grunnen. Det lukkast på første forsøk like før klokka 11. «Svanøy» slepte deretter «Fjalir» til Rysjedalsvika der dei 25 passasjerane og 11 bilane kunne køyre i land to timar seinare.

Direktør Stig H. Kristoffersen seier at teknisk svikt var årsaka. Etter det Bergens Tidende forstår fungerte ikkje propellane slik dei skulle. Truleg har det vore feil i det elektriske systemet som overfører signal frå brua til propellane.

— Vi har alt no folk på plass i Rysjedalsvika for å leite etter og utbetre feil. Før dei er ferdige ønskjer vi ikkje å gå ut med konklusjonar. Men ferja blir ikkje sett i drift att før vi er heilt sikre på at alt fungerer, seier Kristoffersen.

Dykkarar som inspiserte skroget i går, fann ingen skader.

Misnøye

«Fjalir» er mellom dei eldste ferjene i flåten til Fjord1 Fylkesbaatane. Fartøyet er bygt i 1974, og har store deler av tida vore nytta i sambandet Rysjedalsvika - Rutledal - Krakhella. I Solund har det i lang tid vore misnøye med ferja. Det skapte stor irritasjon mellom sulingane då Fylkesbaatane kutta kafédrifta på det meir enn timelange sambandet. I tillegg er kapasiteten for liten, noko som gjer at bilar ofte står att. Når ventetida i regelen er minimum tre timar, kan det få store konsekvensar.

— Spesielt til Solund fredag ettermiddag og frå kommunen søndag er det svært ofte bilar som står att. Folk har også lært seg kor tid det kan vere vanskeleg å komme med, og legg opp reisene etter det, seier ordføraren.

Så seint som søndag stod eit dusin bilar att på ferjekaien i Krakhella på eine avgangen. Øykommunen ønskjer fleire avgangar, anten i form av at det kjem to ferjer på sambandet, eller at det blir brukt hurtigferje.

Større ferje

— Vi ønskjer å framstå som ein attraktiv kommune både for folk som bur her og turistar. Med den gamle og umoderne ferja vi har i dag, får tilreisande eit føsteinntrykk av kommunen vi ikkje kan vere kjende av, seier Mongstad.

Direktør Kristoffersen seier han har stor forståing for kravet frå kommunen.

— Men det er Statens vegvesen som i praksis avgjer om kapasiteten skal utvidast.

— Kan ikkje Fylkesbaatane omrokere innanfor eigen flåte?

— Vi har levert eit framlegg for drift neste år som gjer at det blir sett inn ei større ferje. Framlegget inneber ikkje fleire avgangar. Det blir no opp til vegvesenet å godkjenne dette.

Ferjesambandet blir dessutan også truleg lagt ut på anbod neste år. Også det kan gje endringar.

TIL KAI: «Svanøy» eskorterer havarerte «Fjalir» til kai i Rysjedalsvika. 25 passasjerar og 11 bilar var med då «Fjalir» tok land på Losna.<br/>Foto: ODDLEIV APNESETH