OGNE ØYEHAUG

Roger Pilskog har fått blod på tann etter at den såkalla Tariffnemnda i førre veke vedtok å lovfeste norske tariffavtalar på sju oljeanlegg langs kysten, mellom anna på Mongstad og Kårstø i Hordaland.

I første omgang ventar han at LO snart sender eit krav om at også bygningsarbeidarane — også dei som kjem hit frå dei nye EU-landa - får lovfeste norsk tariffløn. Pilskog trur kravet vil gjelde for heile landet.

Det tok ti månader frå LO kravde norsk tariffløn på dei sju oljeanlegga til Tariffnemnda gav LO medhald. No trur Pilskog det vil gå raskare, fordi han meiner fagrørsla sit med omfattande dokumentasjon på dårlege løns- og arbeidsvilkår for utlendingar i byggebransjen.

Dårlege vilkår

17 avdelingar i Fellesforbundet rundt Oslofjorden bad i mai om at Fellesforbundet sentralt skal krevje at norske tariffavtalar vert lovfesta i Oslofjordområdet. EU vart utvida med ti nye aust- og mellomeuropeiske medlemer i mai. Dei 17 avdelingane skriv i brevet til Fellesforbundet at innvandringa av bygningsarbeidarar allereie var omfattande før EU utvida. Dessutan arbeidar utlendingane under dårlege vilkår:

«Erfaringene fra byggebransjen i Oslofjord-regionen de to til tre siste årene før EU-utvidelsen er at arbeidsinnvandringen fra Øst-Europa har skjedd frikoblet fra regelverket. Det arbeides uten arbeidstillatelse. Eller det arbeides på lønns- og arbeidsvilkår som er langt dårligere enn det som forutsettes i arbeidstillatelsen.»

Lova som gjer det mogleg å lovfeste norske tariffavtalar vart innført i 1993, men ikkje teken i bruk før i år.

Landsomfattande krav

Kravet frå dei 17 avdelinga i vår vart lagt på is, medan Fellesforbundet venta på ei avgjerd for oljeanlegga.

Roger Pilskog trur Fellesforbundet no vil ende opp med å sende krav om ei landsomfattande lovfesting av norske tariffavtalar for bygningsarbeidarane.

Både i Trondheim og Bergen vert det arbeidd for å krevje slik lovfesting i fylgje Pilskog. Då kan ein like godt lovfeste tariffavtalene over heile landet, meiner han.

Men kva blir konsekvensen av ei lovfesting, for ein polsk bygningsarbeidar i Noreg, til dømes?

— Den praktiske konsekvensen er at han minst skal ha norsk minstetariffløn, seier Pilskog.

Starta i Bergen

Pilskog er leiar i bygningsarbeidarane si fagforeining i Bergen, Unionen, og styremedlem i Fellesforbundet. Saman med Kjell Sørensen i Fellesforbundet og Jan Henrik Larsen i El & It, har han vore ein av forkjemparane for å lovfeste norske tariffavtaler. Målet er motarbeide det dei tre karakterisere som «sosial dumping» - import av arbeidskraft som vert løna dårlegare enn nordmenn.

I mars i fjor varsla dei tre aksjonar mot det dei kalla misbruk av utanlandsk arbeidskraft. Dette utspelet var mellom grunnane til at LO kravde lovfesta tariffavtalar på dei sju oljeanlegga..

— I den seinare tid er det avslørt stadig fleire tilfelle der utanlandsk arbeidskraft, gjennom dårlege arbeidskontraktar, har utkonkurrert norske bedrifter, sa Kjell Sørensen til Bergens Tidende i fjor.

Motstand i LO

Men lovfesta tariffavtaler er ikkje berre positivt for fagrørsla. Ei lovfesting gir alle - også dei som ikkje vil betale kontingent til fagforeining - dei same rettane som fagrørsla har forhandla fram.

Det var nettopp irritasjon over såkalla «gratispassasjerar» som låg bak kravet frå Transportarbeiderforbundet i tariffoppgjeret i vår om ekstra betaling til fagorganiserte. Kravet ført til ein bitter og fleire veker lang streik, før transportarbeidarane gav opp.

Difor vog LO fram og tilbake før kravet om lovfesta tariffavtalar på oljeanlegga vart sendt.

Men no voner Pilskog at stemninga i fagrørsla har snudd.

NORSK LØN: Roger Pilskog i bygningsarbeidarane si fagforeining i Bergen, Unionen, trur fagrørsla vil vinne fram med eit krav om å få lovfesta norske tariffavtalar på alle byggeplassar - både for norske og utanlandske bygningsarbeidarar.<p/>FOTO: KNUT STRAND