– Minstevassføring er ikkje nemnt med eit ord i det materialet som er lagt fram, påtala Oddvar Soldal i Naturvernforbundet under folkemøtet om utbyggingsplanane i Steinsdalen i går kveld.

Den planlagde kraftstasjonen kan sluka unna dobbelt så mykje vatn som gjennomsnittleg kastar seg utfor fossen.

Målsmenn frå NVE kunne forsikra om at minstevassføring vil bli vurdert, og det vert nesten aldri gitt løyve til kraftutbygging utan ein slik klausul.

Bergens Tidende får opplyst av planleggarane at ei viss minstevassføring er rekna inn i prosjektet, men ikkje kor mykje. Bestemmer NVE ei større minstevassføring vil gjennomsnittleg årsproduksjon bli mindre enn 87 GWh som er oppgitt i meldinga.

– Den minstevassføringa som blir bestemt, må utbyggaren sleppa utfor. Det vatnet og dei millionane det representerer, går tapt, seier Henning Øvsthus hjå CM Consulting.

Planane møtte elles svært liten motstand frå bygdefolket på folkemøtet.

Otto Dyrkolbotn frå Lindås hevda at dette ekstremt lønsame prosjektet har ein reell verdi på rundt 200 millionar kroner, men vil etter gamaldags verdifastsetjing, som slett ikkje favoriserer bønder og grunneigarar, bli verdsett til 400.000 kroner. Han fekk ikkje vita om grunneigarane er nøgde med avtalen, men dei har innhenta tilbod frå fleire.

Ei kraftutbygging av dette slaget vil ikkje gje Kvam herad konsesjonskraft, men får elles dei skatte— og avgiftsinntekter som følgjer med kraftutbygging.