Måndag 26. mai 2003: Storfamilien frå Stryn — fordelt på tre generasjonar - er på veg nordover langs E6 i Hedmark.

Dei har vore i konfirmasjon på Austlandet, og skal heim til Nordfjord. Bubilen dei sit i har passert Stange og nærmar seg Hamar då den kjem over i motsett kjørefelt og frontkolliderer med ein møtande lastebil.

Mor (34) og son (12) døyr i den tragiske ulukka.

I retten neste veke

Neste veke møter familien forsikringsselskapet Gjensidige i Fjordane tingrett. For fire av familiemedlemmene er erstatningsoppgjeret enno ikkje avslutta.

Tre mindreårige barn som sat i bilen krev til saman drygt 2,1 millionar kroner i erstatning frå Gjensidige.

Far deira - som altså ikkje sjølv var med på den fatale turen - krev 1,65 millionar kroner i erstatning frå selskapet.

— Vi meiner faren må sjåast som direkte skadeliden i denne saka. Ei slik ekstrem påkjenning som han har vore utsett for, kan gje grunnlag for erstatning, seier familiens advokat, Einar With.

— Til no har han berre fått dekka noko av tapet av den andre forsørgjaren. Også på dette punktet meiner vi at han har krav på meir.

With har representert alle som var involvert i ulukka, og har oppnådd ei minneleg ordning rundt oppgjeret for fire av dei.

— Har gjort opp

— Dei har fått noko erstatning, men ikkje så mykje vi meiner dei har krav på. Det er ei enorm påkjenning for dei å måtte gå til retten med dette, seier With.

Gjensidige meiner at selskapet har gjort opp for seg i tråd med gjeldande reglar og rettspraksis.

— Vi innser jo at dette er ei stor belastning for familien. I lang tid har vi prøvd å kome til semje i denne tragiske saka. Vi beklagar sterkt at vi ikkje har klart det, seier Lars Sagberg, leiar for bilansvarsavdelinga hjå Gjensidige i Trondheim.

Selskapet skriv til retten at det ikkje finst noko sakkunnig vurdering av eventuelle psykiske skader hjå faren, og ei heller at det er ein årsakssamanheng. Vidare meiner Gjensidige at det ikkje var tilstrekkeleg nærleik til ulukka. Subsidiært hevdar selskapet at kravet frå faren uansett er for høgt på ei rekke ulike punkt.

- Ei komplisert sak

— Vi har tatt omsyn til den situasjonen faren er komen i gjennom vårt tilbod om erstatning for forsørgartap, seier Sagberg, som likevel erkjenner at dette er ei komplisert sak.

— Dette er ein vanskeleg grensegang. Spørsmålet er kor langt norsk erstatningsrett går overfor han som forsørgjar og etterlaten, seier Lars Sagberg.

Selskapet har erkjent det formelle erstatningsansvaret etter ulukka. Selskapet meiner at faren allereie har fått dekka det han har krav på, gjennom erstatninga han allereie har teke imot for tapet av den andre forsørgjaren i familien.

Men motparten meiner at faren for sin eigen del har eit sjølvstendig krav på erstatning, som direkte skadeliden i ulukka.

— Hans situasjon inneber tilstrekkeleg nærhet til ulykken (...) den endelege skadefølgen inneber at han må betegnes som skadelidt, skriv mannens advokat.

Saka startar i Fjordane tingrett førstkommande tysdag, og varer i to dagar.