Hansen representerer både dei to sønene til Ramsland og Rønnestad, og foreldra til Rønnestad.

Advokaten har varsla krav om erstatning for tap av forsørgar for dei to gutane, pluss oppreising til sønene og foreldra til offeret.

I eit skriv til Bergen tingrett antydar Hansen at han vil krevje til saman 1,44 millionar kroner:

  • 600.000 kroner for tap av forsørgar for dei to gutane.
  • 240.000 kroner i oppreising til foreldra.
  • 300.000 kroner i oppreising til kvar av gutane.

Tala byggjer på rettspraksis frå tidlegare saker. Det endelege kravet frå Hansen er ennå ikkje fremma.