Det estiske selskapet Alexela vil etter det BT kjenner til krevje fleire titalls millionar i erstatning frå det tidlegare Vest Tank og eigar Trond Emblem.

Emblem selde Vest Tank til selskapet Alexela Logistics i mai i fjor — dagen før eksplosjonen i Sløvåg. Sist oktober tok Alexela over drifta av tankanlegget i Gulen, under namnet Alexela Sløvåg.

Alexela har halde tilbake litt over halve kjøpesummen i påvente av det endelege reknestykket for oppryddingsarbeidet. No viser det seg at erstatningskravet kan bli høgre enn først trudd.

Smellrabatt

— Det har vore store kostnader med oppryddinga. I tillegg kjem ting vi ikkje hadde føresett, som fjerning av innhaldet på tankane, seier Erik Myhr Nilsen, advokat for Alexela Sløvåg.

— Kravet er fremma for å kompensere for dei utgiftene som går med til å få tankanlegget i stand igjen, seier Myhr Nilsen. Han er advokat i DLA Piper, som handsamar kravet for Alexela.

Begge partane reknar med at erstatningskravet vil kome over det beløpet Alexela skuldar Emblem. Det meiner Per Magne Kristiansen, advokaten til det tidlegare Vest Tank, ikkje er berettiga.

— Det er snakk om veldig store summar. Det ligg i sakas natur, seier Kristiansen.

Salssummen for Vest Tank skal opphavleg ha vore 160 million kroner. Etter ulykka skal Emblem ha gitt ein betydeleg rabatt for tankanlegget.

Av denne summen har Trond Emblem sagt til ei estisk avis at han framleis manglar over halvparten. Alexelas styreleiar, den estiske forretningsmannen Heiti Hääl, stadfestar også at hans selskap ikkje har betalt heile kjøpesummen.

Ikkje fått bestemme

Dermed kan sotramannen Trond Emblem gå på ein durabeleg millionsmell når dei to partane bur seg på konflikt.

Daglege leiar i Alexela Sløvåg, Håkon Ivarson, har tidlegare uttalt til BT at morselskapet har brukt nærare 100 millionar kroner på oppryddinga.

— Vi er i ei ny fase. Knivane blir kvessa, seier Kristiansen.

Han meiner kravet frå Alexela er for høgt - men vil ikkje nemne summar.

— Vårt problem er at Alexela har brukt pengar, og seier etterpå at dette skal Emblem betale. Men Emblem har ikkje fått vore med på å bestemme, seier Kristiansen.

Partane skal møte kvarandre i denne veka. Kristiansen meiner Alexela utnyttar situasjonen.

— Spørsmålet vi stiller oss er kva Alexela faktisk har gjort og brukt pengar på, seier Kristiansen.

Kjent for gift

Alexela-konsernet er ein av dei største innanfor oljehandel og -transport i Estland, og driv blant anna den største bensinstasjonskjeda i landet, ifølgje dei sjølve.

Hovudeigaren til Alexela Logistics er det multinasjonale selskapet Trafigura, som eigde båtane Probo Koala og Probo Emu.

Probo Koala leverte giftig avfall til eit avfallsselskap på Elfenbeinskysten. 14 menneske omkom etter å ha vore i fysisk kontakt med avfallet. Fleire hundre skal ha blitt skadde.

Søsterskipet Probo Emu leverte sterkt giftig avfall til Vest Tank i oktober 2006. Dette har NRK Brennpunkt dokumentert var ein del av ein internasjonal handel der råbensin vart raffinert på billigaste måte for sal til land i hovudsakleg Afrika.

OPPKJØPT: Vest Tank blei kjøpt opp av estiske Alexela rett før eksplosjonen i Sløvåg i fjor. Ulykka førte til ein stor reduksjon i kjøpesummen, opphavleg på 160 millionar kroner. No varslar Alexela erstatningskrav mot tidlegare Vest Tank-eigar Trond Emblem.
Bergens Tidende