— Det har vore eit stort inntektstap for våre firma. Samanliknar vi med fjoråret, ser vi at vi har tapt eit millionbeløp, seier Lars Hellandsjø

Han er administrerande direktør i Wergeland-Halsvik, som held til på nabotomta til tidlegare Vest Tank, no Alexela Sløvåg.

Etter eksplosjonen ved Vest Tank i mai, har naboselskapa fått lide økonomisk, meiner Hellandsjø. Krava er sendt til Vest Tank sitt forsikringsselskap, Protector Forsikring.

Forsinka i månadsvis

I tillegg til Wergeland-Halsvik, vil også søsterselskapet Halsvik Aggregates og nabofirmaet Baker Oil Tools krevje erstatning.

— Det blir fort tal av det, seier Hellandsjø. Han varslar krav på truleg fleire millionar kroner frå naboselskapa.

I tillegg til tap av inntekter, er også forseinkingar på byggjeprosjekt blant årsakene til erstatningskrava. At kaiområdet som Wergeland-Halsvik deler med tankanlegget ikkje har vore lett tilgjengeleg, har heller ikkje hjelpt. Delar av kaien har blitt brukt til lagringsplass for eksplosjonsrestane.

Distriktssjef Arild Fjogstad i Baker Oil Tools vil ikkje kommentere summar, men seier at firmaet har hatt til dels store ekstrautgifter. Eksplosjonsulykka førte til ein fleire månaders forseinka oppstart på anlegget ved Sløvåg.

Sjukepengar

Også erstatning for sjuke arbeidstakarar er ein del av krava frå selskapa.

— For vår del er det småbeløp, under 50.000 kroner. Det er på grunn av ein del sjukmeldingar, seier Johny Birkeland, som driv eige transportfirma på industriområdet Sløvåg.

I tillegg kjem dei varsla krava frå private, som har samla seg i Eidsbotn Vel. Også her kan krava kome opp i millionsummar.

— Det bur 150 menneske i heile bygda. Det kan fort bli opp mot 100 som vil søkje erstatning, seier leiar i velforeininga, Jon Ivar Steine.

I tillegg til sjukdom og luktplager, er forringa verdi på eigedom blant grunnane til erstatningskrava.

Men både naboselskapa og dei private må bu seg på lang ventetid før dei veit om forsikringsselskapet vil ta på seg ansvaret. I Protector Forsikring vil ikkje administrerande direktør Sverre Bjerkeli uttale seg om det.

Ventar på politiet

— Vi har ikkje trekt nokon konklusjon enno. Vest Tank har ansvarsforsikring hos oss, men utover det har eg ingen kommentarar til behandlinga av skadesaka, seier Bjerkeli.

Han ventar blant anna på resultata frå politietterforskinga, som etter det BT forstår tidlegast er ferdig mot slutten av neste halvår.

Om ikkje forsikringsselskapet erkjenner ansvar, meiner Lars Hellandsjø i Wergeland-Halsvik at dei har lite å stille opp med.

— Vi reknar med og håpar at dei stiller opp. Om ikkje, er det lite å hente i det gamle Vest Tank, seier Hellandsjø.

Tankanlegget i Sløvåg er no tatt over av estiske Alexela, som vil bruke tankane til å mellomlagre russisk olje på veg til Europa.

ERSTATNING: I mai eksploderte tankane T3 og T4 i Sløvåg. No søkjer naboselskapa erstatning for tapte inntekter, forseinka byggjestart og sjukepengar. ARKIVFOTO: VEGAR VALDE
Bergens Tidende