Varaordførar Espen Villanger (Ap) fortel til VestNytt om klager på oljesøl mellom anna frå Snekkevik og Lie.

Også Bergen og omland friluftsråd melder om griseri fleire stader. Havnedirektøren i Bergen og fylkesmannen si miljøvernavdeling skal på synfaring 22. september.

— Finn me noko som må ryddast opp i, så må det sjølvsagt gjerast, seier havnedirektør Gunvald Isaksen til VestNytt.